Vegard Strønen Skeie klar for Brann

(Foto: Sportsklubben Brann/brann.no)

«Eg er stolt og nøgd. Det er ein draum som går i oppfylling. Eg har vore Brann-fan sidan eg var liten gut, så dette er veldig stort», seier stopper-talentet Vegard Strønen Skeie.

Vegard har trena med Brann sidan juli for å få vise seg fram og få kjenne på nivået. Det har han så absolutt fått gjort. Vegard har imponert i trening og overbevist Brann-leiinga så mykje at dei måndag ettermiddag signerte den unge midtstopperen på ein treårskontrakt.

Vegard kom til Os Fotball frå Nore Neset som 13-åring, og har gått gradene i klubben. På A-laget har han vore ein av laget sine viktigaste bidragsytarar dei siste åra med stor tilstedeværelse, duellstyrke og leiaregenskapar, til trass for at han enda ikkje er fylt 20 år. Det er med andre ord ein stolt dag for alle på Kuventræ.

«Dette er utruleg stas! Alle i Os Fotball er glade på Vegard sine vegne og gratulerer så mykje. Dette er til stor inspirasjon til både dei som har vore lagkamer med Vegard dei siste åra, og for andre unge spelarar i klubben», seier dagleg leiar og herrelagstrenar Endre Brenne før han legg til.

«Det er utruleg kjekt at Os er ein klubb det går an å utvikle seg i, frå barnefotball til øvste nivå i Noreg. Det viser at ein ikkje treng å jakte på ein ny klubb som 14-15 åring for å få ei god utvikling. Men dette er fyrst og fremst spelarane sin forteneste. Både Vegard og Ole Martin har trena hardt sidan dei var unge, og alltid vist gode haldningar. No håper me å sjå dei utgjere stopperparet til Brann i Eliteserien»

Vegard er no klar for nye utfordringar og takkar klubben for fine år.

«Eg vil takke trenarapparatet og folka i Os for fine år. Dei har lagt til rette for at eg heile tida har kunne utvikle meg. No gler eg meg til nye utfordringar», seier Vegard.

(For omlag fem år sidan debuterte då 14-årige Ole Martin Kolskogen og 15-årige Vegard Strønen Skeie for herrelaget til Os – no kan dei unge talenta utgjere stopperparet til Brann i Eliteserien. Foto: Os & Fusaposten og Midtsiden)

Klar når moglegheita byr seg
Den duellsterke stopparen har på sikt ambisjonar om å spele seg inn på laget, men om det blir debut i haust eller til neste år stresser han ikkje med. Hovudfokuset vil i fyrste omgang vere å ta nye steg som fotballspelar, trene hardt og vere klar når moglegheita byr seg.

Å vere klar når moglegheita byr seg har han vist ved fleire anledningar. Fyrst imponerte Vegard når Brann inviterte han på trening, men når dåverande trenar Lars Arne Nilsen fekk sparken og ny trenar kom inn, starta han på nytt med blanke ark.

Og nok ein gong har han gripe moglegheita med begge hendene! Noverande trenar Kåre Ingebrigtsen har latt seg imponere, og uttalte i førre veke at han gjerne ville ha Vegard inn i stallen. Det har han no fått, og både Ingebrigtsen og sportssjef i Brann, Rune Soltvedt, er godt nøgd med det.

«Vi har hatt særdeles god dialog med Os. Vegard har gjort et veldig godt inntrykk på oss som person og spiller de to månedene han har trent med oss, helt fra første dag. Han er en ambisiøs og målrettet spiller som vi både håper og tror skal utvikle seg videre i Brann»seier Soltvedt til Brann.no.

Me gler oss til å følge utviklinga. Lukke til i Brann, Vegard!