Takk for no, Martin Eidsvik!

Me ynskjer Martin Eidsvik lukke til vidare i Nore Neset IL (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Martin Røttingen Eidsvik og John Ole Johanessen har gjort ein strålande jobb med juniorane våre i fleire år. John Ole blir med vidare, medan Martin har fått ny jobb som utviklingsansvarleg fotball i Nore Neset IL og takker for seg i denne omgang!

Martin er ein dedikert og ambisiøs trenar som i fleire år har lagt til rette for god utvikling og trivsel for juniorane våre på Os 2, samt born og unge på FFO og Akademiet. I tospann med John Ole har han leia Os 2 til 4.divisjon i 2018 og holdt plassen i ny divisjon i 2019.

Kombinert med stor fagleg kompetanse og godt opplegg har Martin, saman med John Ole, klart å skape eit godt samhald og miljø på Os 2. Duoen har i tillegg utvikla og førebudd fleire unge spelarar til å ta steget frå junior til A-laget på ein god måte!

«Eg har hatt ei veldig kjekk, lærerik og givande tid i Os Fotball. Eg har vore priviligert som har fått jobbe som fotballtrener for Os 2, inn mot A-laget og ikkje minst med born og unge på FFO og Akademiet», seier Martin før han skryt av gjengen sin på Os 2.

«Eg må få skryte av gjengen som har vore med oss på Os 2 desse åra. Det har verkeleg vore ein fantastisk gjeng å arbeide med! Dei tok meg godt i mot frå fyrste stund, vore lydhøre og lærevillige, samt vist ein enorm lojalitet og utvikling. Dei, saman med alle andre på Kuventræ, har gjort at eg har hatt ein kjempefin jobb og tid i klubben».

Me i Os Fotball takker Martin for innsatsen i denne omgang og ynskjer han mykje lukke til i Nore Neset IL.