Stian Kvåle tek over Os 2

Stian Kvåle tek over som trenar for Os sine nest beste menn

Stian Kvåle har vore trenar for damelaget i tre år, samtidig som han har vore med i teamet rundt herrelaget i ei årrekkje. No er han klar for nye utfordringar som hovudtrenar for Os 2.

«Det er ein lærevillig og kjekk gjeng, så dette blir ein gøy og spennande utfordring! Det har vore ein fin start og det er veldig kjekt å sjå at spelarane utviklar seg og visar framgang for kvar veke. No gler me oss til å spele kampar igjen», uttaler Kvåle.

Os 2 speler i 4.divisjon, men når breddefotballen ruller i gang igjen er enda uvisst grunna den pågåande pandemien. Trass dette seier den nye hovudtrenaren at treningsiveren og motivasjonen i gruppa er stor. Han bemerker at dei fleste er under 20 år og dermed fått trene nokså normalt i lengre tid, men gjev også ein stor porsjon ros til dei få i gruppa som har passert 20 år. Dei har måtte følgje eit eige treningsprogram og ikkje fått lov å trene med kontakt slik som dei andre. Os 2 gjev det beste ut av situasjonen, men Kvåle som så mange andre, håper det snart åpner opp for trening og kamper for alle!

Når fotballen omsider får grønt lys og kan sette i gang er ambisjonane for sesongen klare; målet er å hamne på øvre halvdel!

Med seg som assistent får han Ivar Johanessen, som også var med rundt juniorgruppa og Os 2 fjor.

Me ynskjer det nye trenerteamet lukke til med årets sesong, og takker Nuno Miguel Santos Marques for innsatsen og ynskjer han lukke til vidare – kanskje våre veger møtes igjen på eit seinare tidspunkt!