Kvamsdal, Ekeland og Havsgård har signert nye avtaler!

Gledeleg nyheit: Steffen Kvamsdal, Roger Blokhus Ekeland og Anders Hjelle Havsgård har signert nye avtaler med Os Fotball!

Steffen Kvamsdal og Anders Hjelle Havsgård er begge lokale gutter som har gått gradene i klubben og er no sentrale spelarar i herrelagstroppen. Roger Blokhus Ekeland kom til Os før 2019-sesongen og markerte seg som toppskårer for A-laget i sin fyrste sesong i Os-drakt. Trenar Endre Brenne er særs nøgd med at alle tre er med vidare og seier dette om kvar enkelt:

Steffen Kvamsdal

«Viktig mann å få med vidare! Steffen har stor løpskraft og fine ferdigheiter med ball som gjer at han passer godt inn i vår måte å spele fotball på. Så veit me det bur målpoeng i han og det skal me samen jobbe for å få ut i 2021, då blir dette verkeleg bra»

Steffen Kvamsdal
Posisjon: Midtbane, indreløper
Alder: 20 år
Tidligere klubber: Os

Anders Hjelle Havsgård

«Anders har blitt ein av bærebjelkane i gruppa og me er veldig nøgd med å ha signert han for to nye år. Pliktoppfyllande og dedikert har han utvikla seg jamt og trutt over lang tid. Rask, offensiv og duellsterk har Anders blitt ein solid back»

Anders Hjelle Havsgård
Posisjon: høgreback
Alder: 22 år
Tidligere klubber: Os

Roger Blokhus Ekeland

«Roger har signert for to nye år og det er me veldig nøgd med! Når me skal sjå etter spelarar utanfor Bjørnafjorden er Roger eit strålande eksempel; profesjonell i alt han gjer, raus med dei rundt seg og sjølvsagt ein knakande god fotballspelar!»

Roger Blokhus Ekeland
Posisjon: Spiss
Alder: 26 år
Tidligere klubber: Trio, Stord, Sandes-Ulf og Egersund

Me gler oss over at Kvamsdal, Havsgård og Ekeland er klare for fleire sesonger i Os Fotball, og ser fram til seniorfotball på Kuventræ i 2021!