Alle lag i gang med aktivitet!

I løpet av denne veka har alle aldersbestemte lag i klubben starta opp att med trening og aktivitet. Fotballglede og masse energi har strålt over Kuventræ og det har verkeleg vore godt å komme i gang for alle små og store!

Gruppebilde frå onsdagens FFO-økt!

Redaksjonen tok ein prat med G14 og Akademi- spelar, Jonas Hjertholm Rotnes, som brukte store deler av Kristi Himmelfartsdag til trening på Kuventræ.

Korleis har det vore å starte opp att med lagstrening?
Eg synes det er fint at me har for komme i gang så tidlig med trening og det er kjekt å trene sammen med lagkameratene mine igjen!

Treningene er jo litt annerledes no med 1m avstand mellom og ingen spel-aktivitet. Er det framleis kjekt å gå på trening?
Forskjellen er ikkje så stor. Det viktigaste er at me får være sammen og gjere det me liker aller best, fotball! Me får øvd mykje på teknikk og rolletrening. I tillegg kjører Rune oss hardt på løping, men me overlever det, seier unge Rotnes.

No gler me oss til 15.juni då myndigheitene opnar opp for trening med fullkontakt!