Vilde Drange Veglo er klar for toppserien!

Vilde Drange Veglo gjekk på si fyrste fotballtrening som 10-åring – i dag, sju år seinare er ho klar for Sandviken i toppserien!

Det var handball som var idretten til Vilde og ho kunne ikkje fordra fotball. I dag er situasjonen litt annleis. Etter at ho prøvde ut fotball har ho ikkje sett seg tilbake. Utallige treningstimar bærer no frukter – i dag signerte talentet for hardsatsande Sandviken i toppserien!

«Det er utruleg kjekt og veldig spennande! Sandviken satser stort og eg trur det vil skje mykje spennande i klubben dei neste åra. Eg føler meg klar for nye utfordringer og gler meg til å konkurrere om speletid i toppserien», seier Vilde som også fortel at ho har hospitert med Sandviken gjennom året.

Vilde har fleire aldersbestemte landskamper for Noreg på CVen og tidligare trenarar fortel at ho heilt frå starten har hatt eit enorm driv for å bli best mogleg, som nok også er ein viktig grunn til at ho er komen så langt. I Os byrja stortalentet å trene med gutane for å ha ein god nok utviklingsarena i bygda lengst mogleg. I fjor var gutar 16 hovedarenanen, medan ho i år har spela fleire gutar 19 kampar, blant anna nyleg i Lagune Cup der det enda med 2.plass.

«Eg hospiterte med Arna-Bjørnar i 2017, men valgte då å bli verande i Os for å trene med gutane. Det angrer eg ikkje på i dag og det trur eg også var det beste for utviklinga mi. Eg kjem til å savne å spele med gutane!»

Vilde har skrevet kontrakt på 1,5 år med Sandviken og vil fullføre den vidaregåande utdanninga på Os gymnas.

«Eg ynskjer å takke klubben som har lagt til rette for at eg kunne få utvikle meg i Os lengst mogleg. Eg er enormt takksam for oppfølginga eg har fått og det tilrettelagte opplegget. Eg har heile tida hatt utfordringer og noko å strekkje meg etter».


«Me i Os Fotball er utrulig glad på Vilde sine vegne. At ho no får muligheita i Sandviken Toppfotball og Toppserien er utrulig fortjent og timingen for overgangen er strålande. Vilde har eit stort fotballtalent samtidig som ho er ekstremt målbevisst og me gler oss til å følge ho i åra som kjem! Me vil og takke samarbeidsklubben vår, Sandviken Toppfotball, for eit velfungerande og godt samarbeid!», uttaler Endre Brenne.

Os Fotball gratulerer så mykje! Me gler oss til å heie på deg i toppserien!