VIKTIG INFORMASJON FRÅ OS FOTBALL

Hei alle trenarar, spelarar, frivillige, medlemmer og foreldre/foresatte.

Det er ei veldig vanskeleg tid me no står ovanfor, noko alle heilt sikkert kjenner på kropp og sjel. Me må alle gjere vårt ytste for å minimere vidare smitte og ta vare på kvarandre så godt me kan. Det er klare råd og retningslinjer frå myndigheitene på korleis me skal handtere situasjonen, og dei må me alle følge.

Klubben har det siste døgnet fått fleire spørsmål vedrørande eigentrening, bruk av ballrom, klubbhus etc. Me ser det difor som heilt nødvendig å sette klare kjørereglar for eigentrening og bruk av Kuventræ Idrettsanlegg og fotballbanane. Dei er ufråvikelege og skal følgjast.

Oppdatert 13.03.2020 klokka 20:30.

  • All sportslig aktivitet i Os Fotball er stoppa, førebels fram til 30.april.
  •  Klubbhuset og ballrommet er stengt for alle trenarar/spelarar.
  • Os Fotball sine trenarar skal ikkje delta fysisk (fysisk tilstedeværelse) i nokon form for aktivitet med Os Fotball sine medlemmar. Aktivitet av foreldre med eigne born er unnteke.
  • All INDIVIDUELL trening er tillatt. All trening i GRUPPER er ikkje tillatt. Me oppfordrar alle våre medlemmar til å halde seg fysisk aktiv og følge dei råda og retningslinjene helsemyndigheitene gjev oss.
  • Administrasjonen i Os Fotball vil lage forslag til individuelle eigentreningsøkter der styrke, hurtigheit og kondisjon vil vere fokus. Dei vil vere tilgjengelege tidleg i veke 11.
  • Os Fotball oppfordrar alle trenarar til å nytte perioden til sesongforberedelsar og spelarutvikling/oppfølging via webløysingar.
  • Os Fotball oppmodar alle foreldre til å snakke med borna sine om at det kun er tillate med individuell trening og ikkje trening i grupper. Her treng me hjelp frå dykk!

Informasjon fra NIF, NFF og FHI

Kontakt med administrasjonen
Endre er tilgjengelig som normalt på telefon og e-post. Då klubbhuset er stengt for trenarar og lagleiarar, vil eventuelle møter bli avholdt via webløysingar.

Oppfordrar alle til å bruke e-post så sant det ikkje er noko som krever umiddelbar aksjon. 

Endre Brenne, 90724338, endre@osfotball.no 

Ikkje nøl med å ta kontakt om det er noko!