Verdens miljødag

5.juni er utpeikt av FN som verdens miljødag. Me ynskjer å markere denne dagen med ei storstilt flaskeinnsamling.

Alle FFO elevar skal ut som miljøagenter den 6.juni og pante det me samlar inn.

Slik gjer me det:

– 5.juni er 2.pinsedag. Klubbhuset er åpent og alle poser med flasker tas i mot med stor takk(mellom 1630-2100- kan og leverast før om det passer betre).

– Alternativ trening for FFO den 6.juni der me tar beina fatt og oppsøker alle panteautomater i bygda 😊

– Mål: 10 000,- (eit hårete mål, men fullt mulig om dykk blir med)

– Drikk godt i pinsa og tøm huset for tomme flasker 😊

– Pengene som blir samla inn går til grillfest for alle aktive spelarar og trenarar.

Eg vonar mange hiv seg på og tvinger oss til å springe intervaller mellom klubbhuset og butikkane den 6.juni med fulle poser pant!