Velkommen til Telenor Xtra FFO 2018/19!

 

Os Fotball har den gleda av å invitere alle born i alderen 2 til 6 klasse til fotballfritidsordning skuleåret 2018/19! Dette er eit tilbod etter skuletid med leksehjelp, mat før og etter trening, samt fotballtrening med utdanna trenarar. I hovudfokus står trivsel og samhald, me har det knallkjekt!

Kva er Telenor Xtra FFO?

FFO er eit fotballtilbod etter skuletid frå måndag til torsdag for 2. til 6.trinn. På FFO er det fokus på fysisk aktivitet, kosthald og leksehjelp. På fotballfritidsordninga vår får borna leksehjelp av utdanna pedagogar, mat før og eit restitusjonsmåltid etter trening, samt trening med utdanna fotballtrenarar.

Det blir lagt opp til variert aktivitet med fokus på motorisk utvikling, utvikling av ballferdigheiter, samt det aller viktigaste: TRIVSEL OG SAMHALD! Me ynskjer å stimulere til livslang fotball- og bevegelsesglede, samt eit sterkt tilhøyr i eit trygt og inkluderande miljø. I Os Fotball sin FFO-familie set me fokus på dette gjennom å bygge gode relasjonar og utvikle eit trygt og godt miljø med plass til ALLE!

På FFO er me oppteken av å utvikle heile mennesket og har fokus på utvikle gode og sunne vaner og haldningar. Me ynskjer å bidra til gode vaner gjennom vektlegging av kosthald, hygiene, lekser, folkeskikk og eigentrening. Alle på FFO skriv under på ein haldningskontrakt: Holdningskontrakt Os Fotball.

Generell informasjon

FFO: Ope tilbod for 2. og 3.klasse tirsdag og torsdag.
FFO Mini-akademiet: Ope tilbod for 4. til 6.klasse mandag og onsdag.
Henting: Me henter på skulane Os-, Lunde-, Søfteland-, Halhjem barneskule.
Opningstid: Kl.12.30 – 16.30.
Utstyr: Alle får utstyrspakke frå Telenor med bukse, genser, t-skjorte, shorts, sokkar og bag.

FFO fylgjer skuleruta til Os Kommune for 2018/19. 

Me har også ope tilbod på FFO Akademiet for 7 – 10. klasse tirsdag (før skulestart) og fredag etter skuletid, pluss utvalde helgesamlinger i 2018/19. Meir informasjon om dette tilbodet kjem.

Priser:

  1. dag        700 kr. per mnd (+50 kr for henting).
  2. dager  1200 kr. per mnd (+50 kr for henting).

Oppsigelsestid: 1.mnd. Bindande påmelding.

Påmelding

Send mail til marius@osfotball.no med følgjande informasjon:

  • Namn, klasse og skule på deltakar.
  • Dag/dager ein ynskjer å melde seg på.
  • Treng deltakar å bli henta på skulen sin ved endt skuledag?
  • Namn, mailadresse og telefonnummer til føresette.

Sjå meir informasjon her:

Telenor Xtra FFO 2018:2019

Velkommen til Os Fotball sin fotballfritidsordning!