Velkommen til «super-tirsdag» med landslagstrenar Frode Grodås på Kuventræ!

 

«SUPER-TIRDAG» 17.april med keeperlegende Frode Grodås.

Frode Grodås har vokta buret til Norge 50 gangar og har spelt for fleire toppklubbar i Europa, som Schalke 04 og Chelsea FC. Han er no keepertrenar for herrelandslaget og kjem 17.april på besøk til Os Fotball på Kuventræ!

Som ein av 37 klubbar i landet er Os Fotball vald ut til å vere Eat Move Sleep-ambassadør i 2018. Det er me stolte over og synast det er flott at me som klubb kan vere med å sette sunn livsstil på dagsordenen blant born og unge. I henhold til ambassadørrolla, arrangerer me som kjent Os Fotball Eat Move Sleep – Cup 2 og 3.juni, men før den tid er me heldige som får besøk frå Frode Grodås.

Det vert keepertrening frå 17.00 til 18.30 for alle målvakter mellom 13 og 17 år. Her er alle keepere i Os Fotball og naboklubber velkomne til å delta. Maksimalt tal deltakar på økta er 14 stk.

Påmelding sendes til endre@osfotball.no.

«Bli ein betre trenar med Norges Fotballforbund og Eat Move Sleep»

Etter økta blir det foredrag og diskusjon med Frode i storsalen i klubbhuset frå kl 18.30 til 20.00. Dette er til inspirasjon og auka kunnskap. Her er alle som ynskjer å delta velkomne!

Me gler oss til å få Frode Grodås på besøk og vonar mange blir med!

Vedlagt ligg invitasjonen:

Super Tirsdag med Frode Grodås.

Her kan du også finne invitasjon og påmelding til Os Fotball Eat Move Sleep – cup 2018:

EAT MOVE SLEEP-CUP INVITASJON