Velkommen, Sperrevik Elektro!

Os Fotball er stolte av å kunne presentere Sperrevik Elektro AS som ny samarbeidspartnar!

– Kven er Sperrevik Elektro?

«Sperrevik Elektro AS er ein lokal elektrobedrift som blei etablert i 2005. Sidan den gang har vi vekse til å bli 16 medarbeidarar og utførar alt innan elektriske installasjonar  Vi har kompetanse innan elektro, automasjon og ekom. Sperrevik Elektro held til i Kolskogheiane 6 i Os kommune, men utførar arbeid i heile Hordaland», seier installatør i Sperrevik Elektro, Kjartan Hagevik, før han fortel vidare.

«Vi i Sperrevik Elektro er glade i lokalsamfunnet og har difor fokus på å utvikle lokale og dyktige montørar gjennom læringssamarbeid med opplæringskontor og andre bedrifter. Vi har pr. dags dato fire lærlingar i stallen».

– Kva som gjer at Sperrevik Elektro vil støtte Os Fotball?

«Som nemnt er vi i Sperrevik Elektro oppteken av å støtte lokalsamfunnet og er allereie engasjert på fleire arenaer i nærmiljøet, frå fotball til rally. Når vi ser den gode innsatsen og arbeidet for born og unge som blir lagt ned av Endre og dei andre på Kuventræ var det aldri noko tvil om dette var noko vi i Sperrevik Elektro ynskja å ta del i og støtte. Vi er glade for moglegheita og ser fram til eit godt samarbeid!»

Os Fotball set stor pris på støtta og ser fram til eit elektrisk godt samarbeid!

Velkommen på laget!