Velkommen til sesongstart på Kuventræ!

Ventetida er over – no braker sesongen i gang! 

Os/Nore Neset – Loddefjord
Tirsdag 9.4.19 kl. 19.00
Sted: Kuventræ

Os/Nore Neset imponerte stort i fjoråret og er i år tilbake i 3.divisjon. Damelaget tek tirsdag i mot Loddefjord til sesongåpning på Kuventræ.

«Det blir godt å kome i gang med tellande kamper! Det blir spennande med nye lag og eit nytt nivå, men eg har stor tru på at me skal bite godt i frå oss. Jentene virker klare til å kome i gang», uttaler hovudtrenar Stian Kvåle.

Os 2 – Frøya 
Onsdag 10.4.19 kl. 19.00
Sted: Kuventræ

Onsdag gjester tidligare Os-trenar Tore Nilsen Kuventræ med sitt nye lag, Frøya, for å møte Martin Eidsvik sitt Os 2-mannskap. Os 2 sprudla i fjoråret og har også i oppkjøringa vist lovande takter. Laget har fått fleire solide tilskot i vinter, som blant anna tidligare A-lagsspelar Adrian Kallekleiv Valle. Martin kan meddele at gruppa er sulten og klar for sesongstart i 4.divisjon. Fyrste motstander som skal få bryne seg på ungdommelig mot og energi frå Os er Frøya. Velkommen til kamp kl. 19.00!

Os – Stord
Laurdag 13.04.19 kl. 15.00
Sted: Kuventræ

A-laget er tilbake i 3.divisjon med ambisjoner om å returnere med eit brak! Fyrste motstander er Stord som tek turen over Bjørnafjorden laurdag kl. 15.00. Det er venta å bli ein tett og tøff batalje, der våre herrer er revansjelystne etter å ha tapt mot stordingane i ein treningskamp i vinter, men også fordi det var Stord som på mirakuløst vis holdt seg i divisjonen på bekostning av Os for to år sidan. No er Os klare for å slå tilbake! Hovudtrenar Endre Brenne gler seg og meddeler at mannskapet higer etter å kjempe om poeng. Stord er fyrste lag som skal knebles på Kuventræ!

Velkommen til serieåpning på Kuventræ!