Velkommen på laget Sparebanken Vest!

Det er med stor glede me kan dele at Sparebanken Vest og Os Fotball har blitt samarbeidspartnarar!

Kva som gjer at Sparebanken Vest vil støtte Os Fotball?

«Vi i Sparebanken Vest er oppteken av å vere ein lokal støttespelar og spesielt er støtten vår rettet mot barn og ungdom. Det er difor ein stor glede for oss å vere samarbeidspartner med Os Fotball som vi meiner gjer utruleg mykje for sitt lokalmiljø og barn og ungdom. Vi i Sparebanken Vest er oppteken av å gjere livet på Vestlandet enda litt betre og vi er utruleg stolt over å gje tilbake til lokalmiljøet frå vårt overskot», seiar avdelingsbanksjef Benedikte Toftesund.

Sparebanken Vest er til for folk som bur her, bedriftene som driv verksemd her og idéane og prosjekta som gjer verdi til regionen og Vestlendingen. Sparebanken Vest sel rådgjevingskompetanse innan sparing, forsikring og lån. Det er ein bank som vil bidra til at Vestlandet utviklar seg som region og står fram som ein attraktiv og god stad å bu. Sparebanken Vest er i dag den einaste banken på Os.

Velkommen på laget!