VELKOMMEN TIL OS FOTBALL TELENOR XTRA FFO 2019/2020

Os Fotball ynskjer alle born i alderen 2 til 7 klasse velkommen til fotballfritidsordning skuleåret 2019/20! Dette er eit tilbod etter skuletid med leksehjelp, mat før og etter trening, samt fotballtrening med utdanna trenarar. I hovudfokus står trivsel og samhald, me har det knallkjekt!

KVA ER TELENOR XTRA FFO?

FFO er eit fotballtilbod etter skuletid frå måndag til torsdag for 2. til 7.trinn. På FFO er det fokus på fysisk aktivitet, kosthald og leksehjelp. På fotballfritidsordninga vår får borna leksehjelp av utdanna pedagogar, mat før og etter trening, samt trening med utdanna fotballtrenarar.

Det blir lagt opp til variert aktivitet med fokus på motorisk utvikling, utvikling av ballferdigheiter, samt det aller viktigaste: TRIVSEL OG SAMHALD! Me ynskjer å stimulere til livslang fotball- og bevegelsesglede, samt eit sterkt tilhøyr i eit trygt og inkluderande miljø. I Os Fotball sin FFO-familie set me fokus på dette gjennom å bygge gode relasjonar og utvikle eit trygt og godt miljø med plass til ALLE!

På FFO er me oppteken av å utvikle heile mennesket og har fokus på utvikle gode og sunne vaner og haldningar. Me ynskjer å bidra til gode vaner gjennom vektlegging av kosthald, hygiene, lekser, folkeskikk og eigentrening. Alle på FFO skriv under på ein haldningskontrakt: Holdningskontrakt Os Fotball.

Generell informasjon

FFO: Ope tilbod for 2. og 3.klasse tirsdag og torsdag.
FFO Mini-akademiet: Ope tilbod for 4. til 7.klasse måndag og onsdag.
Henting: Me henter på skulane Os-, Lunde-, Søfteland-, Halhjem barneskule.
Opningstid: Kl.12.30 – 16.30.
Utstyr: Alle får utstyrspakke frå Telenor til ein eigenandel på 100,-.

FFO fylgjer skuleruta til Os Kommune for 2019/20. 

Me har også ope tilbod på FFO Akademiet for 8 – 10. klasse tirsdag (før skulestart) og fredag etter skuletid. Meir informasjon om dette tilbodet kjem.

Priser:

  1. dag        750 kr. per mnd (+50 kr for henting).
  2. dager  1300 kr. per mnd (+50 kr for henting).

Oppsigelsestid: 1.mnd. Bindande påmelding.

PÅMELDING

Os Fotball Telenor Xtra FFO 2019/2020

 

Velkommen til FFO!