Velkommen til Norges mest bærekraftige fotballcup!

Banene er klare, kampoppsettet er ferdig og vêrmeldinga er meget lovande. Alt ligg med andre ord til rette for at me i Os Fotball saman med BAMA, Norges Fotballforbund – og ikkje minst dykk – skal gjennomføre Norges mest bærekraftige fotballcup. Då treng me hjelp frå alle som har tenkt til å ta turen, om du er trenar, spelar, forelder eller besøkande.

Me vil ha fokus på følgjande: 

  • Servering av sunn og bærekraftig mat hovudsakeleg beståande av frukt, grønnsaker, fisk og grove kornprodukter. Me har gjort vårt ytterste for å redusere mengda plast.
  • Saman med BIR har me lagt opp til topp moderne kildesortering. Hjelp oss å sortere avfallet. La oss kaste alt på riktig sted, her er det store miljøgevinster å hente.
  • Me oppmodar så mange som mogleg til å tenke miljøvennleg når dei skal til oss. Målet er færre biler, og me håper at dykk, sjølvsagt om mogleg, sykler eller tar beina fatt. Alle som lar bilen stå kan hente ein overrasking i sekreteriatet!
    For dei dette blir vanskeleg og er avhengig av å ta bil, oppmodar me til å i det minste å fylle opp bilene. Du kan finne parkeringskart lenger nede i saka.

Lørdag mellom kl.12 – 13 blir det stort sceneshow med Gunnhild Stordalen frå Eat Foundation, ordførar Marie Lunde Bruarøy og årets gamer Randulle.

Søndag blir det show-kamp med blant anna olympisk mester Sverre Lunde Pedersen, samt Sondre Aksnes vil helde trikseshow. Dette blir gøy!

Praktisk informasjon

Kampoppsett

Kampoppsettet kan du sjå ved å følgje denne lenkja: https://www.profixio.com/matches/os-fotball-eat-move-sleep-cup-2018

Baneoversikt

Parkeringskart

Her er eit parkeringskart for dei som ikkje har moglegheit til å gå eller sykle til cupen.

Sykkelparkering ved fridrettsbygget (like ved parkering 1). 

 

Les velkomsskrivet her: Velkommen til Eat Move Sleep-cup Os[4]

 

Velkommen til Os Fotballs EAT MOVE SLEEP-CUP 2018!