Velkommen til fotballstart for jenter og gutar født i 2014

(Foto: Midtsiden)

Os Fotball ynskjer velkommen til fotballstart for jenter og gutar født i 2014!

I Os Fotball er alle velkommen til ein trygg og god fotballstart med fokus på samhald og vennskap. Klubben følgjer NFF sin formel for breddefotball; trygghet + mestring = Trivsel! I tillegg til å utvikle fotballferdigheter har klubben stort fokus på det menneskelege og sosiale aspektet med fotball. Me ynskjer å utvikle menneskelege sider med haldningar, vaner og gjensidig respekt i gode miljøer prega av samhald og vennskap!

Me inviterer til oppstartstrening fredag 1.november kl. 17 – 18 i Oshallen. Marius Mikkelsen (FFO-ansvarleg og kontaktperson barnefotballen i Os Fotball) vil gjennomføre dei to fyrste treningane (1.nov og 8.nov), før frivillige frå årstrinnet tek over ansvaret. Frivillig innsats er essensielt for klubbens drift og for å gje ale eit likeverdig og trygt tilbod. Om du kan bidra som trenar, lagleiar, oppmann, sosialkontakt eller noko anna er du hjertelig velkommen!

Ta kontakt med Marius Mikkelsen på mail: marius@osfotball.no om det er spørsmål.

Velkommen til Os Fotball!