Velkommen til Fana Kjøtt Vårcup 2018

Fana IL og deira samarbeidspartnar Fana Kjøtt ynskjer velkommen til Fana Kjøtt Vårcup. Årets utgåve av turneringa går av stabelen på Nesttun Idrettspark laurdag 26. og sundag 27.mai.

Jenter og gutar i alderen 7 til 12 år skal i Fana Kjøtt Vårcup få utfolde seg i både treer-, femmer-, sjuer- og nierfotball. Turneringa, kor alle lag spelar minimum tre kampar med påfølgande premieutdeling, er open for alle som ynskjer å delta og tar sikte på å vere eit høgdepunkt for både spelarar, leiarar og tilskodarar.

Os Fotball har eit samarbeid med Fana IL Fotball om aldersbestemte cuper. Klubben dekker kostnadane for deltaking på denne turneringa for klubben sine lag.

Påmelding
Påmelding blir gjort digitalt på peikaren under:

https://www.profixio.com/reg/fana-kjott-varcup-2018

Ytterligare informasjon om turneringa:

http://www.kxweb.no/portal/theme/organization/news/show.do?id=9398943