Vann sølv i Norway Cup!

Nore Neset/Os J15 vann sølv på Norway Cup!

Norway Cup 2018 har vore eit eventyr for Nore Neset / Os J15. Eventyret blei i dag krona med sølv!

I finalen stod Stabæk på motsatt banehalvdel. Stabæk skulle vise seg å vere ein veldig sterk motstandar og dei tok tidleg kommandoen i kampen. Allereie etter tre minutt gjekk Stabæk i leiinga, som også var Nore Neset / Os sitt fyrste innslupne mål i turneringa. Det blei vanskeleg for Os-jentene å slå tilbake mot eit godt Stabæk-lag, og finalen enda dermed 1-0. Spelerutvikler og trener Ørjan Sandal var naturleg nok skuffa etter finaletapet.

«Eg klarer ikkje heilt å glede meg over sølvet riktig enda. No er både eg og jentene enormt skuffa og eg trenger å få opplevinga litt på avstand før eg kan glede meg over prestasjonen. For å komme til finalen i Norway Cup er ein vanvittig prestasjon. I finalen møter me eit utruleg sterkt Stabæk lag, som var betre enn oss i dag» seier Sandal før han fortsett.

«Resultatmessig er det jo knepent, men me fekk ikkje vist oss frå vår beste side i finalen. Spesielt i fyrste omgang var me litt prega. Me hadde litt høge skuldre og mangla litt tempo i det me foretok oss. Me klarte ikkje vere like aggressive og ha like stor intensitet i presspelet, som me har hatt tidligare i turneringa. Me lyfta oss i 2.omgang, men klarte dessverre ikkje slå tilbake i dag. Eg er skuffa grunna eg følte me hadde ein god moglegheit til å gå heilt til topps, men for all del, Stabæk var fantastiske. Me måtte prestert på same nivå som mot Gjelleråsen i kvartfinalen, ein kamp eg synst me spelte fantastisk, for å klare slå eit lag som Stabæk» 

Sandal roser jentene for ein enorm innsats og god innstilling gjennom heile turneringa.

«Jentene har vore fantastiske og vist enorm innsats. Ingen lag har hatt betre innsats og vilje enn oss! Jentene er også godt trente, me har ein enormt fysisk krevjande spelestil, som jentene har handtert på ein god måte. Men me skal jobbe knallhardt vidare for å bli enda betre. Bli eit betre lag, bli betre trent og stå på toppen av podiet til neste år. Me skal fleire hakk opp, me skal gå frå å vere eit bra fotballag til å bli eit fantastisk fotballag. Me har eit kjempefundament og me skal berre byggje vidare på det. Me skal tilbake å vinne!», avslutter ein entusiastisk Sandal.

Til tross for finaletapet er 2.plass i verdas største fotballturnering noko jentene kan vere veldig stolte av, det er ein strålande prestasjon! Jentene har representert Os Fotball, Nore Neset Idrettslag og bygda vår på ein fantastisk måte gjennom heile turneringa og me gratulerer jentene så mykje med sølvmedaljen!

Stå på vidare jenter, neste gang er det dåke som står på toppen!