Unggutta viste seg fram!

Henrik Sperrevik (16 år) var ein av fleire unggutter som viste seg fram frå ei god side mot Fana (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy).

A-laget spelte i går sesongens fyrste treningskamp mot divisjonskollega Fana. Kampen enda 0-2 til gjestane, men osingane viste til tider gode takter og mange unggutter viste seg fint fram!

Dette var debuten for det nykomponerte trenerteamet til A-laget med Endre Brenne i spissen og hovudtrenaren var relativt nøgd med gjennomføringa.

«Me er til tider gode på press og gjennvinning, som var fokusområder før kamp, men det er fortsatt eit godt stykke igjen til der eg håper me skal nå. Eg ser konturer av ein del av det me har snakka om og produserer fleire store sjanser. Totalt sett er eg nøgd med gjennomføringa«, seier Endre Brenne etter trenerdebuten for A-laget.

Mo fekk debuten sin både på bana og som trenar på sidelinja.

«Det var godt å kome i gang. Me ynskjer å framstå som eit lag som våger å utfolde oss offensivt og eg synst me ved fleire anledninger løyser det på ein god måte. Me ser teikn på ting me har hatt fokus på i treningsarbeidet og skaper mange store muligheter. Me er litt rufsete defensivt i ulike deler av spelet, både strukturelt og relasjonelt. Det henger saman med at me foreløbig ikkje har fått arbeida strukturelt offensivt og defensivt på større flater, som blei synleg i kampen. Men med tanke på den totale prestasjonen ser det ut som me er i rute. Me fekk også benytta heile 21 spelarar i kampen og fleire av dei yngre gutta fekk vist seg godt fram», seier Rune Mo etter debuten.

Os hadde fleire store sjanser, men det blei bokstaveleg talt stang ut ved fleire anledninger. Me satser heller på at marginene er med Os i seriekampane mot Fana!

Fantastisk dugnadsånd! 

Etter planen skulle treningskampen mot Fana gå av stabelen laurdag 26.jan på Kuventræ, men grunna dårlege baneforhold i tillegg til værvarselet for helga, blei det beslutta at kampen skulle bli flytta fram til torsdag på Nore Neset. Nore Neset sin bane var mjuk og fin og det var ein strålande ide, heilt til værgudene satte kampen på nok ein prøve. Det lava ned snø natt til torsdag og det som kvelden før var ein grønn bane, var torsdagsmorgon dekka med 10 cm våt snø. Ettersom bana helst ikkje skal brøytast med maskin, kunne det sjå ut til å bli ein kamp mot tida. Men det skal meir til å vippe osinger av pinnen, med stor mobiliseringsevne og dugnadsånd blei bana måkt grønn for hand i god tid før avspark. Bra jobba!

Kommande treningskamper for A-laget:

9. februar: Os – Smørås på Kuventræ kl. 13.00

16. februar: Fyllingsdalen – Os på Varden

23.februar – 3.mars Treningsleir. Kamp uavklart.

16.mars: Stord – Os på Stord eller Kuventræ.

6. april: Sotra – Os på Straume idrettspark.

Spelarar i aksjon mot Fana:

1.omg: Kasper Færøvik – Wahrel Suleman (prøvespel), Alexander Dale, Vegard Skeie, Harry James Moore – Rune Åsheim Mo, Steffen Kvamsdal, Henrik Sperrevik – Øystein Takle Eide, Mats Cato Moldskred og Kristoffer Røttingen.

2.omg: Anders Fossen Lunde – Petter Austevoll, Jonas Hovland, Trym Hjørnevik, Vegard Skeie – Tobias Nøss, Marius Mikkelsen, Rafael Villen – Fabian Bødtker, Sander Kvittingen og Alexander Tøssebro.

Trenerduell mellom kompisene, Endre Brenne og den tidligare Os-spelaren og trenaren, Ørjan Håland (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy, Midtsiden).

Spelande assistent, Rune Åasheim Mo, debuterte for Os Fotball mot Fana (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy, Midtsiden).