Unggutt forlet Os fotball

Den unge, lovande, venstrebacken Knut Spangelo Haga, søker nye utfordringar og forlet difor Os fotball til fordel for spel i 3.div med Sotra Sportsklubb. Han signerte i dag ein eittårig proffkontrakt med klubben på Straume idrettspark.

Knut har vore ein fast bidragsyter for herrelaget i fleire sesongar, og var i fjorårets sesong også visekaptein. Han kom til klubben som eit ungt talent frå Nore Neset som 16 åring, og har har sidan den tid etablert seg på A-laget. Trass sin unge alder har 20-åringen allereie fått mykje god erfaring frå seniornivå i Os fotball. Han har i utvikla seg til å bli ein ballsikker, offensiv og angrepsvillig back med eit godt venstrebein. Han er ein spelar fleire lag har bite seg merke i, og har vore på prøvespel i fleire klubbar i vinter. Det var stor interessa for Knut si underskrift, men valet falt til slutt på Tommy Knarvik sitt Sotra. I ein kommentar til Midtsiden seier Sotra-trenar Knarvik at han har ynskja å hente venstrebacken frå Os i lang tid.

Knut seier han fekk eit godt inntrykk av spelarar og trenarar i Sotra når han var på prøvespel, som var avgjerande for valet hans av ny klubb. Knut har ambisjonar om å nå så langt som mogleg som fotballspelar og trur dette er eit riktig steg for vidare utvikling.

Knut takker Os fotball for fine år og mykje tillit på seniornivå. Han synast det er vemodig å forlate klubben.

«Eg vil gjerne takke klubben for fire veldig fine år og lykke til med årets sesong»

Os fotball takker Knut for følget og ynskjer han lykke til vidare i Sotra Sportsklubb!