Ung og spennande midtbanespelar klar for damelaget

Damelaget sin nye signering, Gjertrud Toppe Håvardstun, saman med trenar Stian Kvåle (Biletet er teke tidligare i vinter før korona-utbrotet).

Gjertrud er klar for Os Fotball

«Ho er ein spelar me har fulgt ein stund og når me hadde ho på treninger i vinter, var me ikkje i tvil. Dette var ein spelar me ville ha inn i gruppa vår», lyd det frå trenarteamet til damelaget om lagets ferskeste signering.


Sidan den fyrste treninga i vinter har Gjertrud Toppe Håvardstun gjeve eit særs godt inntrykk på både trenarar og lagvenninner. 17 – åringen kjem frå Kalandseid IL og betraktes som ein veldig spennande midtbanespelar.

«Gjertrud er veldig løpssterk og eit arbeidsjern på midtbana. I tillegg er ho ein smart spelar med bra fotballforståelse og treningsvillig. Ho passer veldig godt inn i laget og gruppa vår», seier ein tydeleg nøgd trenar, Stian Kvåle, før han legg til.

«Ho er komen inn som eit friskt pust i gruppa og heva kvaliteten på treninger og i treningskampane våre!»

Nyervervelsen sjølv seier at inntrykket av klubben, treningsopplegget og damegruppa var avgjerande for at ho no ville komme til Os Fotball.

«Då eg kom til Os fekk eg fort inntrykket av ein klubb som satser på jentefotball og la opp til eit godt og seriøst treningsopplegg! Eg visste at eg ville få ein god oppfølging til å nå måla mine saman med resten av laget, og då blei valet enkelt. I tillegg ble eg møtt av ein super gjeng med treningsvillige jenter som gjorde valet enda lettere», seier Gjerterud.

Kva tenker du om årets sesong? Kva er dine og lagets ambisjoner?

«Eg er veldig klar for at sesongen skal starte, og krysser fingrane om at den ikkje blir utsatt for lenge! Ambisjonane mine for sesongen er å få ein fast og sentral plass på 3.divisjonslaget og vere med på å skape mange gode angrep. Som lag har me trent godt i vinter og forsetter jobben i disse vekene for å vere så godt forberedt til seriestart som mogleg»


Som sagt har Gjertrud gjeve eit godt inntrykk på både trenarar og nye lagvenninner sidan ho kom i vinter. Ho har faktisk gjeve eit så godt inntrykk at mange av lagvenninnene spår at Gjertrud blir årets komet på damelaget.

Kva tenker du om det?

«Det er sjølvsagt veldig kjekt!! Som sagt blei eg teke supergodt imot av resten av jentene og eg trives veldig godt på laget! Me bruker mykje tid saman i løpet av veka og då er det ekstra kjekt at me har det gøy i lag!»


Me gler oss til sesongen, korti det skulle bli. Velkommen til Os Fotball, Gjertrud!