Tung periode for dame- og herrelaget!

Etter ein god start på sesongen er dame- og herrelaget inni ein tung periode

(Foto: Hordalandsfotball)

7.runde Norsk Tipping-ligaen avd. 4.
Os – Sogndal 2: 2 – 3

Herrelaget leia kampen to ganger, skapte enormt med målsjanser og såg utelukkande ut til å ha god kontroll på Sogndal 2. Men der Os ikkje makta å avgjere kampen, var Sogndal 2 dødelig effektive. Til stor skuffelse i Os-leiren vant sogningane 3-2 og stakk avgårde med alle tre poenga frå Kuventræ!

1 – 0: Fabian Bødtker (Roger Ekeland)
2 – 1: Marius Mikkelsen (Mats Cato Moldskred)

Startoppstilling:
Chris Sunde Midtun – Anders Havsgård, Divaldo Cardoso, Carlos Mendes, Torgeir Lunde – Rafael Villen, Marius Mikkelsen, Steffen Kvamsdal – Fabian Bødtker, Roger Ekeland, Mats Cato Moldskred.

Innbyttere med speletid: Sander Kvittingen og Simon Søvik

Neste kamp for herrelaget er borte mot Valdres 1.juni, før Strømsgodset 2 kjem på besøk 17.juni!

7. runde 3.div Kvinner
Os/Nore Neset – Gneist: 1 – 3

(Foto: Hordalandsfotball)

Damelaget heva seg frå kampen mot Åsane 2, men fekk ein ny tøff kamp mot Gneist på Kuventræ. Gjestene var eit hakk betre i denne kampen og vant oppgjeret 3 – 1. Os/Nore Neset sitt mål blei scora av Vilde Drange Veglo.

Neste kamp for Os/Nore Neset er søndag 2.juni kl. 15.00 mot Djerv på Kuventræ!