Trenarteamet til damelaget 2021 – Kristine Aasheim blir spelande assistenttrenar

Trenerteamet til damelaget 2021: F.v. Ørjan Sandal, Kenneth Moland, Kristine Aasheim og Tore Nøss

Damelaget ser fram mot ny sesong med eit nytt tilskot i trenerteamet. Ørjan Sandal fortsetter som hovudtrenar, og får følgje av Kenneth Moland og Tore Nøss som hjelpetrenar og oppmann – no er også Kristine Aasheim klar som spelande assistenttrenar!

«Eg gler meg og synst dette er veldig spennande. Det er mykje potensiale i jentene og eg ser fram til sesongen – den trur eg vil bli veldig bra», seier den nye spelande assistenttrenaren.

Aasheim forteller om ein fin start i den kombinerte rolla som trenar og spelar. Nyheten om at ho skulle bli assistent blei også teken godt i mot av spelargruppa.

«Det var veldig gøy», kjem det entusiastisk frå lagvenninne Agathe Cöllestine Lekven.

Hovudtrenar Ørjan Sandal er også godt nøgd med det nye tilskott i trenerteamet.

«Det har vore topp å få Kristine som assistent. Ho har både rutine, entusiasme og vinnermentalitet, og flink til å gire opp resten. Kristine kjem til å bidra mykje både som trenar og spelar», seier Ørjan Sandal.

I tillegg er Kjell Hansen blitt engasjert som keepertrenar etter at Chris Sunde Midtun i vinter flytta austover. Også Stian Kvåle, som har vore hovudtrenar for damene dei siste sesongane, er frå årets sesong klar for nye utfordringer med Os 2. Kvåle har gjort ein heilhjerta og god jobb med laget, og tok dei blant anna frå 4.divisjon til toppen av 3.divisjon. No er Sandal og co klare for å ta over stafettpinnen.

Sandal meiner laget etter forholda har hatt ein veldig fin oppkøyring til sesongen så langt, og at gruppa er toppmotivert og klar for å kome i gang med kamper. Det er enda uvisst når sesongen sparkes i gang, men ambisjonane er høge.

«Eg trur det blir ein tøff sesong. Det er ein fire-fem veldig gode lag i avdelinga, og me kjem ikkje til å vere blant favorittane, men me går sjølvsagt for opprykk – det er målsetninga», avslutter Sandal.

Me håper laget når målsetninga, og ynskjer jentene og det nye trenerteamet lukke til med årets sesong!

Ørjan Sandal – Hovudtrenar
Kristine Aasheim – Spelande assistenttrenar
Tore Nøss – Oppmann
Kenneth Moland – Hjelpetrenar og oppmann