Tim Henrik Sperrevik gir seg etter opprykket

Tim Henrik Sperrevik har leia Os Fotball tilbake til 3.div i årets sesong. No trer den tidligare storscoraren til sides!

Tim Henrik kom inn i trenarteamet til A-laget som assistenttrenar i februar. Når Karl Kvile gav seg i klubben nokre månadar seinare, fekk Tim Henrik spørsmål om han kunne overta roret som hovudtrenar. Med det store hjerte han har for klubben sa han ja på grunn av det brennande ynskje om å gje ungdommen i Os ein betre utviklingsarena og ta laget opp igjen til 3.div. Det har han i lag med resten av trenartemaet klart! Tim Henrik har vore med å innfri både klubben og laget sine ambisjoner med direkte opprykk tilbake til 3.div!

Sportsleg leiar Jan Frode Skeie seier klubben ynskjer ein A-trenar som også tek ansvar nedover i ungdomsfotballen, kan sjå ein heilhet og skape ein raud tråd i klubben. Han seier at Tim Henrik har fått tilbod om å bli med vidare, men grunna totalsituasjonen sin ikkje har moglegheit til å bli med vidare.

«Klubben ynskjer nærast ein heiltidstrenar og det har eg ikkje tid til. Det har vore krevande å vere trenar, men utruleg gøy å jobbe med ungdommane dette året. No ser eg fram til å tilbringe meir tid med familien», seier Tim Henrik.

Skeie er godt nøgd med jobben Tim Henrik har gjort for klubben denne sesongen. Sjølv om han no trer til sides som A-lags trenar, håper han Tim Henrik vil vere med vidare i klubben, i ein eller anna mindre rolle.

«Tim Henrik har gjort ein god jobb denne sesongen. Han skal blant anna ha mykje av æra for at det har blitt eit mykje betre samarbeid mellom A-laget og Os 2 i årets sesong.

«Tim Henrik fekk tilbod om å bli med vidare, men sa i frå om at han ikkje hadde tid til å fylle rolla slik klubben ynskjer. Me håper likevel han vil vere med å bidra også neste år, i ein eller anna mindre rolle», seier Skeie.

Tim Henrik sin assistent, Frode Steffensen, gjer seg også etter årets sesong. Det er også for han utfordrande med å få ting til å gå opp ettersom det blir mykje reising i forbindelse med arbeid. Kven som blir nye trenarar kring A-laget er enda ikkje avklart.

«Sportsleg utval jobber for tida med saken. Per dags dato leitar me etter ein trenar som er villig til å ta på seg eit stort ansvar med å leia A-laget og ei satsingsgruppe kring dei eldre gutelaga i klubben. Me har bestemt oss for å i størst mogleg grad utvikle eigne spelarar. Dette gjeld også i høve til A-laget. I staden for å hente etablerte spelarar, vil me styrke apperatet rundt utviklingsarbeidet og prøve å få fram eigne spelarar som kan vere med å løfte A-laget mot nye høgder», avslutter Skeie.

Me takker Tim Henrik og Frode Steffensen for innsatsen i årets sesong og ynskjer dei begge velkommen tilbake ved ein seinare anledning!