Tanngarden tannklinikk vil tette alle hull i Os Fotball!

Tanngarden tannklinikk vil tette hull hos både dagleg leiar Endre Brenne og Os fotball dei neste tre åra.

Det lokale næringslivet er utruleg viktig for klubben og Os Fotball er difor veldig glad for å få Tanngarden tannklinikk med på laget dei neste tre åra. Tanngarden tannklinikk ynskjer å hjelpe klubben å tette alle hull.

«Det er kjekt å støtte opp under idretten i bygda», seier ei blid Therese Lund-Ringstad, tannlege ved Tanngarden tannklinikk.

Tanngarden er ein tannklinikk som utførar alt innan moderne tannbehandling og har eit bredt kompetansefelt. Tannklinikken har seks allmennleger, samt eiga avdeling for kjeveortopedi, med to kjeveortopeder. Tannlegane ved Tanngarden tilbyr allmenn tannbehandling med fokus på smertefri- og tilpassa behandling. Har du for eksempel tannlegeskrekk, så kan det vere ein lur idé å ta turen til Tanngarden tannklinikk ved neste tannlegebesøk. Dei behandler nemleg pasienter som lid av tannlegeskrekk, og er flinke til det. Tannlegene ved klinikken samarbeidar også med de beste spesialistane og gjev henvisninger ved behov.

På klinikken har dei også 9 tannlegeassistenter som gjev kompetent assistanse i behandling og oppfølging av pasienter, samt sørger for god flyt på klinikken.

Dagleg leiar Endre Brenne er veldig nøgd med at Tanngarden tannklinikk og Os fotball inngår eit samarbeid.

«Det har for eksempel vert mange baklengsmål for A-laget dei siste åra, så håper Tanngarden kan vere med å tette igjen og betre dette», seier ein lattermild dagleg leiar.

Os fotball ser fram til samarbeidet med Tanngarden tannklinikk. Velkommen på laget!

På linken under kjem du til tanngarden sine heimesider.

Hjem