Tam og skuffande forestilling mot Fana!

Chris Sunde Midtun stod ein solid kamp for Os, men fekk lite hjelp frå lagkameratene (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy, Midtsiden).

Etter ein god start på haustsesongen og ein sterk bortesiger mot Vard Haugesund i førre serierunde, var det knytta store forventninger til at årets fyrste heimesiger stod for tur når Fana kom på besøk til Kuventræ. Slik blei det ikkje!

Os hadde etter somarpausen teke fire poeng mot topplaga Djerv 1919 og Vard Haugesund, medan Fana hadde tapt sine to siste kamper. På laurdag såg det ikkje ut til at dette var tilfelle. Framfor eit stort publikum var Os-mannskapet usedvanleg tamme og Fana var betre i alle faser av spelet – med unntak av på keeperplass. Chris Sunde Midtun stod ein solid kamp og var åleine grunnen til at resultatet ikkje blei styggare enn det blei. Dei to måla Fana scora kunne han ikkje gjere noko med.

Os framstod utan energi, trøkk eller speleglede, det gjekk seint med ball og det var enorm strekk i laget – defensivt og offensivt. Med unntak av eit par sjanser, hadde Fana fullstendig kontroll på kampen, til stor skuffelse for alle osingar på tribunen. Dette er ein prestasjon me veit at verken spelarane eller trenar Endre Brenne vil vere bekjent av. Alle tilknytta laget er nok glade for at dei får ein ny moglegheit til å vise seg frå ei betre side til Kuventræ-publikummet allereie til helga når Vestfossen kjem på besøk. Kampstart laurdag kl. 14.30!

Kampfakta:
Os – Fana: 0 – 2
14.serierunde i Norsk Tipping-ligaen

Os:
Chris Sunde Midtun – Anders Havsgård, Rune Åsheim Mo, Jonas Fagerbakke Hovland, Harry James Moore (Fabian Bødtker), Rafael Villen, Marius Mikkelsen (Simon Moberg Søvik), Steffen Kvamsdal (Kristoffer Røttingen) – Torgeir Lunde, Roger Ekeland, Mats Cato Moldskred.