Svak serierunde for seniorlaga

Roger Ekeland scora igjen for herrelaget (Foto: Benjamin Søgnen Olsen)

6.runde Norsk Tipping-ligaen avd 4
Fana – Os: 4 – 1

På fotballens nasjonaldag blei det dessverre eit steg tilbake prestasjon- og resultatmessig for herrelaget når dei gjesta Fana. I ein rotete fyrste omgang var det Os som tok føringa. Roger Ekeland fann nettmaskene frå straffemerket, før ein Os-forsvarer var uheldig og sklei før eit innlegg. Fana sin angrepsspelar kunne difor enkelt utlikne til 1-1. I 2.omgang tok Fana kommandoen og produserte fleire store sjanser. Os var «shaky», unøyaktige og energilause. I det 57.min utnytta Fana eit balltap i Os-forsvaret og tok leiinga 2-1. Os prøvde å presse fram ein utlikning, men det blei aldri heilt det store. Fana var flinke til å rydde unna og kom ved fleire anledninger på gode overganger i Os sin jakt på utlikning. I det 88.min satt spikeren i kista. Fana auka til 3-1 frå straffemerket til stor skuffelse for resignerte osinger. På overtid glapp det igjen i Os-forsvaret og Fana tok dermed ein fortent 4-1 siger i sommervarmen.

Det blei ein dårleg dag for herrene våre på Nesttun, men allereie på laurdag kl. 15.00 kjem det ein ny moglegheit når Sogndal 2 gjester Kuventræ. Kan herrelaget hente årets fyrste trepoenger på heimebane mot sogningane? Velkommen til kamp!

(Benjamin Søgnen Olsen)

3.div Kvinner 
Åsane 2 – Os/Nore Neset: 4 – 1

Os/Nore Neset fekk ein pangstart mot Åsane 2 på Myrdal. Vy Nguyen sendte damene i leiinga etter to minutter, men det skulle ikkje gå lang tid før Åsane 2 slo tilbake. Tre minutter seinare stod det 1-1, før Åsane 2 snudde kampen til 2-1 like før pause. Etter pause skulle vond gå til verre når Åsane 2 auka leiinga til 3 – 1 og 4 – 1, som også blei sluttresultatet.

Søndag 26.mai kl. 16.00 kjem Gneist på besøk til Kuventræ.

4.div herrer
NHH – Os 2: 2 – 1

I ein relativt jevnt kamp var det NHH som trakk det lengste stået på Åstveit. Sander Kvittingen sendte Os 2 i føringa, før osingen Aksel Skaar sytte for 1 – 1 etter halvtimen. Dette stod seg heilt til overtiden, då det unge Os-mannskapet på ny måtte bite i det sure eplet – studentene frå NHH hadde snudd kampen til siger!

Mandag 27.mai kl. 19.00 tek Os 2 i mot Trio på Kuventræ.