«SUPERLAURDAG» 6. Januar!

Os fotball kickstarter det nye året med å arrangere «SUPERLAURDAG» 6. Januar.

 

– Dette er eit ekstra tilbod til dei som vil trene mykje og har eit ynskje om å utvikle seg som fotballspelarar, uttalar dagleg leiar Endre Brenne.

Arrangementet er gratis og ope for alle jenter og gutar i årgangane 2002 til 2005. Fokuset i økta vil vere å utvikle individuelle ferdigheitar, der evna til å konsentrere seg vil vere sentralt. Økta er frå kl. 12.00 til 14.00 og blir leia av Ørjan Sandal og Endre Brenne.

Tilbodet er ope for alle, men ein må melde seg på innan torsdag 4. Januar til endre@osfotball.no. Ta med drikkeflaske og eit lite restitusjonsmåltid til etter økta.

Os fotball ynskjer alle eit riktig godt nyttår og ser fram til mykje god aktivitet i 2018!