Styrkar satsinga på spelarutvikling!

Det er ein stor glede å kunne presentere vår nye hovudtrenar for Os 2 og Os junior 1, Nuno Miguel Santos Marques! 

Nuno kjem frå Portugal og har bred erfaring som trenar og ledar, både innan talentutvikling til seniorfotball. Han har UEFA A – trenarutdanning gjennom det Portugisiske Fotballforbundet og har utdanning i Sport Coaching på Sport Science´s School of Rio Maior. 

Nuno har tidligare vore ansatt i utviklingsavdelingene til storklubbene FC Porto og Benfica, før han fekk tilbod om å vere med å starte opp Luis Figo sitt fotballakademi i Kina i 2014. I Kina har han også arbeida i eit fotballprosjekt i regi av Chelsea FC, samt fleire lokale klubber.

«Me er veldig glade for å endeleg lande ein hovudtrener for Os 2 og juniorgruppa og er trygge på at me har henta ein god mann i Nuno! Nuno har bred og rik erfaring og har god utdanning innan fotball. Klubben skal vere ein foregangsklubb på spelarutvikling og me har stor tru på at Nuno med sin kunnskap og erfaring vil vere med å løfte satsinga vår på barne- og ungdomsfotball. Me ynskjer Nuno velkommen til Os og Noreg», seier dagleg leiar Endre Brenne.

Nuno sjølv er godt nøgd med å vere på plass i Os og ser fram til nye utfordringar!

«Eg er glad i utfordringar og eg gler meg til å starte på ein ny erfaring utafor heimlandet mitt! For å vere ærlig blei eg forelska i prosjektet i Os», seier Nuno Marques som trur på eit godt samarbeid med trenerteamet på A-laget.

«Saman trur eg me kan gjere ein god jobb. Eg har allereie hatt eit godt møte med Endre om forventningar og opplegg til årets sesong og eg trur me kan få eit bra samarbeid! For meg er det ikkje viktig om eg er trenar for fyrste- eller andrelaget. Eg er oppteken av å gjere jobben min og hjelpe alle rundt meg, uansett kva tittel eg har. Min viktigaste oppgåve som ungdomstrenar er å legge til rette for gode forhold til utvikling slik at ungdommane kan ta steget til fyrstelaget. Det er eit av hovudmål mine for sesongen – at så mange som mogleg tek steget frå Os 2 til A-laget!»

Nuno synast mykje av det han har arbeida med dei siste åra i Kina minnar om korleis det er i Os. Basert på sine tidligare erfaringar trur han difor han har mykje å bidra med, samtidig som han er her for å tilegne seg ny læring!

Velkommen til klubben, Nuno!