Storsiger i lokalderbyet i 5.div!

Os-gutta feirer her 1-0 scoringa til Sander Kvittingen (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy).

Måndag kveld var det duka for lokalderby i 5.div når Søfteland kom på besøk på Kuventræ. Det var ein fantastisk ramme rundt derbyet med omlag 350-400 personer på tribunen og strålande solskinn. Med fulle tribuner viser bygda atter ein gang sin fantastiske entusiasme rundt lokalfotballen. Dei mange på tribunen fekk sjå eit Os 2-mannskap som strålte om kapp med sola. Det unge Os-mannskapet var det klart skarpaste laget i derbyet og gav seg ikkje før det stod 5-1 i målprotokollen.

For trenarduoen til Os 2 var lokalderbyet ekstra spesielt. Hovudtrenar Martin Eidsvik, spela i Søfteland i fjorårssesongen, medan assistent John Ole Johannesen har spela for laget i fleire år, noko han også gjer i år. På måndag spela han ikkje, då var han ikledd Os-tøy og gjorde jobben sin som assistent på Kuventræ. Han er nok glad for det i ettertid.

«Eg er veldig godt fornøyd med prestasjonen og gjennomføringa. Me leverer ein solid kamp og det blei mykje mindre spenning enn eg trudde på forhånd. Eg forventa ein tøff og fysisk batalje, men me hadde god kontroll heile vegen, med unntak av ved nokre anledninger. Det glipper to ganger i fyrste omgang og ved målet deira på tampen av kampen. Ellers er me bunnsolide. Offensivt er me energiske og scorer fem fine mål. Veldig fornøyd med mannskapet», seier Martin Eidsvik etter kampen.

Neste kamp for Os 2 er søndag 27.mai mot Fri på bortebane.

Målscorere for Os:
1-0 Sander Kvittingen
2-0 Alexander Tøssebro
3-0 Steffen Kvamsdal
4-0 Fabian Bødtker
5-0 Egil Thuen

Du kan sjå videosamandrag frå kampen på midtsiden.no.

Heia Os!

Det er stort engasjement om lokalfotballen i bygda. Det var stort oppmøte til lokalderbyet måndag kveld.