Storsiger for A-laget

Anders Havsgård feirer målet sitt med resten av troppen (Foto: Odd Løvset, Hordalandsfotballen)

A-laget innkasserte årets fyrste trepoenger med ein overbevisande 5-1 siger mot Bergen Nord på bortebane!

Det var eit framoverretta og offensivt Os-mannskap som tok turen til Flaktveit stadion for å møte Bergen Nord i 2.runde i Norsk Tipping-ligaen. 8.minutter ut i oppgjeret gjer Roger Ekeland ingen feil åleine med Bergen Nord sin sisteskanse og sender Os i føringa. Spissen sitt fyrste obligatoriske mål i Os-drakt etter ein fin pasning frå Alexander Dale. I tillegg til eit farleg skot frå midtbanegeneral Rune Åsheim Mo, fulgte så Ekeland opp scoringa med eit par feite sjansar, men denne gang utan tellande resultat. Bergen Nord slapp unna med det eine baklengsmålet til halv tid – enn så lenge!

I det 57.min sitter ballen igjen i nettet til Bergen Nord etter eit kontant hodestøt av Vegard Strønen Skeie, før Anders Havsgård ti minutter seinere gjev Bergen Nord-forsvaret parkeringsbot og bredsider ballen i mål til 3-0. Bergen Nord går no litt opp i liminga og Ekeland er igjen på pletten kort tid etter og noterer seg for sin andre scoring for dagen, før Alexander Tøssebro auker til 5-0 i det 79.min. Er vel sjeldan uttrykket «ketchupeffekt» er meir passande. Bergen Nord får eit trøystemål på slutten, men det ender med kruttsterke 5-1 til Os på bortebane. No er me i gang!

Laurdag kl. 15.00 oppmodar me alle til å ta turen til Kuventræ når det er duka for lokaloppgjer mot Lysekloster! Det ligger an til å bli eit forrykande derby, så bli med å fyll tribunen og lag ein flott ramme rundt kampen.

Til informasjon kan du no få kjøpt sesongkort til 500 kr og få med deg mykje underhaldande fotball frå A-laget i 2019!

I dag speler Os 2 mot Varegg på Stemmemyren kl. 20.00, medan damelaget møter Fyllingsdalen 2 på Varden Amfi i morgon onsdag kl. 19.00. Lukke til!

Velkommen på kamp!

Kampfakta:

Chris Sunde Midtun – Torgeir Lunde, Alexander Dale (Jonas Hovland), Carlos Mendes, Vegard Strønen Skeie (Harry Moore) – Rune Åsheim Mo, Steffen Kvamsdal (Alexander Tøssebro), Rafael Villen, Frode Storebø (Kristoffer Røttingen), Roger Ekeland, Fabian Bødtker (Anders Havsgård)

Bergen Nord – Os: 1 – 5
0 – 1 Roger Ekeland (Alexander Dale)
0 – 2 Vegard Strønen Skeie (Rune Åsheim Mo)
0 – 3 Anders Havsgård (Roger Ekeland)
0 – 4 Roger Ekeland
0 – 5 Alexander Tøssebro