Stian Kvåle held fram som damelagstrenar!

(Foto: Benjamin Søgnen Olsen).

Onsdag blei det klart at Stian Kvåle held fram som damelagstrenar i 2019. Kvåle, som har ført damelaget til opprykk i sin fyrste sesong ved roret, har signert for to nye år.

«Det er veldig kjekt at klubben vil ha meg med vidare og eg gler meg til å vere med å utvikle det me har starta i år. Det er ein spennande og treningsvillig gjeng, som har det utruleg kjekt i lag. Det er god stemning i laget og det er mykje bra å byggje vidare på», seier Stian Kvåle.

Som nyopprykka lag til 3.divisjon seier Kvåle at målet med den kommande sesongen blir å gjere det best mogleg.

Me gler oss til å følgje utviklinga til damelaget i 2019!