Sterk bortsiger mot Vard-Haugesund!

Herrelaget hamna under 1-0 og 2-1 i bortekampen mot Vard-Haugesund på Haugesund stadion, men osingane viste stor moral og snudde kampen til 3-2 siger!

«Fantastisk kjensle å få med seg tre poeng på ein vanskeleg bortebane mot eit bra Vard-lag. Me viser stor moral når me gong på gong jobber oss tilbake i kampen og til slutt snur det til siger. Strålande innsats frå samtlege mann», seier ein tydeleg nøgd Os-kaptein Marius Mikkelsen etter kampen.

Det var ein jamn og ope kamp i Haugesund. I starten av kampen var Os farleg frampå på ein dødball, men ein Vard-spelar fekk avverga avslutningen til Vegard Strønen Skeie på mållinja. I det påfølgjande angrepet var det derimot Vard-Haugesund som gjekk opp i leiinga etter eit hodestøt på corner i det 8.min. Etter målet er det Vard som har kontroll på kampen, før Os sakte men sikkert jobba seg inn i oppgjeret. I det 37.min skulle det bli balanse i rekneskapet. Torgeir Lunde snappa ballen frå ein Vard-spelar, forserte og lurte ballen inn ved stolperota frå skrått hald. Flott prestasjon av den anvendelige unggutten. Det stod dermed 1-1 etter ein jamn fyrsteomgang.

2.omgang starta som den fyrste, etter 54.min var Vard Haugesund tilbake i føringa. Os hang no i tøylene og Vard var farleg frampå ved fleire høve. Gode inngrep frå Os-forsvarane og sisteskanse Chris Sunde Midtun avverga ein større leiing til vertane. Vard hadde blant anna ein gyllen moglegheit til å auke leiinga åleine med Midtun i mål, men Os-målvakta varta opp med ein flott beinparade. Etter ein hektisk start på andre omgang kom Os seg tilbake til hektene og begynte å produsera sjansar.

Fyrst var det Marius Mikkelsen som avslutta eit flott angrep like til side for mål, før både Steffen Kvamsdal og Roger Blokhus Ekeland var frampå. I det 71.min lukkast Os. Etter ein god overgang spelte Mats Cato Moldskred angrepskollega Ekeland igjennom i 16-meteren. I retning mål blei Ekeland stoppa på uregelmessig vis og dommar peika på straffemerket. Ekeland var sjølv sikker frå krittmerket og sytte på ny for balanse i målprotokollen, 2-2. I dei siste 20 minutta av kampen bølgja det fram og tilbake. Rafael Villen testa rekkevidda til Vard-keeper med eit velplassert skot, samt Vard var nære på å få nokre store moglegheiter. Vard prøvde seg på ein sluttspurt i sluttminutta, men Os stod i mot og fekk samtidig nokre gode kontringsmoglegheitar. På overtid viste innbyttarane Fabian Bødtker og Sander Fagerbakke Kvittingen til Vard-Haugesund at dei ikkje burde få for mykje rom å boltre seg i. Bødtker var råsterk og venda Vard-forsvararen vekk før han presist la inn til Kvittingen som bredsida ballen kontant i nettmaskene, til enorm jubel i Os-leiren. Os hadde snudd kampen, 3-2 i det 92.min. Vard makta ikkje å svare og Os kunne sleppe jubelen laus.

Os befesta dermed sin posisjon som det beste bortelaget i avdelinga med fem sigrar og 30 mål scora. No gjenstår det berre å få styr på heimeformen. Det får dei moglegheit til på laurdag når Fana kjem på besøk til Kuventræ!

Kampfakta:

Vard Haugesund – Os: 2 – 3
Haugesund Stadion

Os: Chris Sunde Midtun – Anders Havsgård, Rune Åsheim Mo, Vegard Strønen Skeie (Sander Kvittingen), Jonas Hovland – Rafael Villen (Fabian Bødtker), Steffen Kvamsdal, Marius Mikkelsen – Torgeir Lunde, Roger Blokhus Ekeland, Mats Cato Moldskred

Mål:
1 – 1: Torgeir Lunde, 37.min.
2 – 2: Roger Blokhus Ekeland, str. 71.min.
2 – 3: Sander Fagerbakke Kvittingen, 92.min (Fabian Bødtker)