God stemning med besøk frå dame- og herrespelarar

Os Fotball sine dame- og herrespelarar er om dagen på besøk hos klubben sine blide og ivrige fotballspirer i barne- og ungdomsfotballen.

I løpet av året vil seniorspelarane til klubben delta på og gjennomføre fleire treningar og besøk hos klubben sine barne- og ungdomslag. Denne veka har blant anna Michelle Beracis og Celine Døsen frå damelaget vore med på trening med våre sprudlende jenter på jenter 8. Det meldes om at besøket blei veldig godt tatt i mot – noko biletet også viser!

Responsen frå dei andre besøka har også vore positive og det tydar det på at det har vore stor stas og til inspirasjon for både våre ivrige fotballspirer og dame- og herrespelarar. Dette må gjentas og ein kan glede seg til fleire besøk utover året!

Heia Os Fotball-familien!