Sprek gjeng på Linken

Os Fotball arrangerte tysdag topptur til Linken og til tross for at det regna, låg tjukk skodde og er fellesferie stilte over tjue spreke og blide turgåere opp. Fantastisk!

I god Eat Move Sleep-ånd blei det servert frukt og grønt på toppen, samt diverse aktivitetar som tautrekking, triksekonkurranse og kubbespel. Det var topp stemning og absolutt noko me vil arrangere igjen. Takk for turen!

Video frå tautrekkingskonkurransen: