Sport Norge Fotballskule 11. – 12. oktober!

Bli med på Sport Norge Fotballskule torsdag og fredag, 11. – og 12. oktober, i haustferien.

I haustferien arrangerer me i samarbeid med Sport Norge, Sport Norge Fotballskule, torsdag og fredag 11. og 12. oktober på Kuventræ. Dette er eit tilbod til alle som går i klassetrinna 1. – 5. klasse og er fødd i 2008 – 2012.

Det blir lagt opp til variert aktivitet med utvikling av individuelle ferdigheiter i sentrum. I tillegg vil dagane bli krydra med ulike konkurranser, leik og morro. Ta med klær til både inne- og uteaktivitet! Det blir knallkjekt!

Påmelding: https://www.deltager.no/sport_norge_fotballskule_11102018

Diverse informasjon

Innsjekk: kl. 08.00 – 09.00.

Utsjekk: kl. 14.00 – 15.15.

Mat: Varmlunsj begge dager og frukt til avslutning.

Premiering: Sport Norge drikkeflaske til alle deltakarane.

Dersom nokon har allergier eller diverse me må ta omsyn til under gjennomføringa, send mail til marius@osfotball.no. 

Velkommen til Sport Norge Fotballskule i haustferien!