Sparebanken Vest støtter E-sportlaget med utstyr

Os Fotball sitt nye E-sportlag siktar mot NM. Frå venstre: Marius Andersen, Aleksander Grotle, Tommy Wold Gjelsvik og Oliver Linde (Foto: Ørjan Håland, Midtsiden)

E-sportlaget har fått sin fyrste samarbeidspartnar – Sparebanken Vest støtter laget med utstyr!

Nyleg starta Os Fotball opp eit eige E-sportlag, representert av Marius Andersen, Aleksander Grotle, Tommy Wold Gjelsvik og Oliver Linde. Rune Åsheim Mo, som har fått ansvar for å følgje opp e-sportsatsinga til klubben, er godt nøgd med det nye e-sportlaget, og seier at alle fire held eit svært høgt nivå.

«Me er veldig glade for at Sparebanken Vest ynskjer å støtte denne nye satsinga! Deira hjelp har vore heilt avgjerande for å få på plass utstyr til oppstart. Dette var ein fin førjulspresang frå Sparebanken Vest», seier ein takksam Rune Åsheim Mo.

Det nye e-laget skal trena saman i klubbhuset to dagar i veka. I tillegg til å spele FIFA er målet at laget skal gjennomføre noko fysisk aktivitet i forbindelse med samlingene i klubbhuset.

E-sportgutta har store ambisjonar om å delta i NM i FIFA, og Tommy Wold Gjelsvik har gjeve store lovord om at Os Fotball skal til Ullevaal. Ferden mot NM og Ullevaal har starta bra, i førre veke spelte dei fyrste kvalifiseringsrunde og feide all motstand av bana. Allereie på torsdag er det duka for ny kvalifiseringsrunde! Me ynskjer gutta lukke til på vegen mot NM!

Tusen takk til Sparebanken Vest for støtta!

Dagleg leiar Endre Brenne heiv seg med på førre e-sporttrening og testa det nye utstyret takka vere Sparebanken Vest.