Solid oppgradering på Kuventræ: nytt bygg med kiosk, toalett og sosialrom klar til bygging!

Kiosken har i mange år vore ein fantastisk møteplass for alle våre medlemmer og besøkende. Den har vore sentral i alle våre arrangement, og eit bindeleddet mellom spelarar, supportarar og frivillige. Mange vil meine at kiosken er hjartet i klubben! No er det tid for oppgradering med større lokaler, toalettfasiliteter og sosialrom i 2.etasje, til glede for alle med tilknytning idrettsanlegget vårt – og med oss på laget har me fantastiske samarbeidspartnar!

– Dette blir fantastisk! Me har lenge hatt planar om å oppgradere kiosken, så har det no utvikla seg til å bli eit utrulig kult fellesprosjekt med mange av samarbeidspartnarane våre som tente på idéen. Det blir eit storstilt bygg med ny kiosk, toaletter for herrer, damer og personer med nedsatt funksjonsevne, og eit flott sosialrom med panoramautsikt utover anlegga i 2.etg. No har me fått byggetillatelse, den gamle kiosken er vekke og det fyrste spadetaket er teke – me gler oss til fortsettelsen, seier dagleg leiar Endre Brenne før han fortsetter.

– Dette har vore ein veldig positiv prosess mellom klubben og næringslivet. Me har verkeleg med oss ein rå gjeng med fantastiske lokale entreprenører og samarbeidspartnarar – det er me utruleg taksame for!

Med oss på laget er:
Magnor Vinduet
Leigland Bygg

Vestland Bygg & Entrepenør
Alutec
Fløysand Tak
Sperrevik Elektro
Rørleggermester Stig E Nilsen
Montér Os Byggsenter
Lekven Entrepenør
Lekven Bygg og Eiendom
Johs Sælen og Sønn
Betonggulv
Brødrene Borgen
Os videregående skule
Ask Transport

Brenne fortel også at den gamle kiosken har blitt drifta på ein strålande måte i mange år, og verkeleg gjort sitt for at folk skal ha det fint på Kuventræ.

No gler me oss til å utvikle det gode arbeidet vidare med nye fasiliteter, som etter planen skal vere klart til hausten!

Lekven Entrepenør og Lekven Bygg & Eiendom er i gang med grunnarbeidet. Dette blir spennande!
3D-teikningar av det nye bygget som vil stå på same plass som den gamle kiosken.