Skuffande serieopning

(Foto: Kjetil Osablod Grønvigh, Midtsiden)

Det blei ingen draumestart for herrelaget – Stord blei for sterke og vann 1-0 i sesongpremieren på Kuventræ!

Det var endeleg duka for sesongstart og comeback i 3.divisjon når herrelaget tok i mot Stord til dyst på laurdag. Som venta vart det ein tett og tøff kamp, men det var Stord som trakk det lengste strået i denne omgang. 20.min inn i kampen kom nemleg øyeblikket som skulle avgjere kampen. Ein Stord-spelar fekk både tid og rom til å vende i Os sin 16-meter før han sendte avgårde eit skot mot lengste stolpe – vipps så var ballen i nettet bak Chris Sunde Midthun i Os-målet, 1-0 Stord.

Os hadde både før og etter målet til Stord fleire farligheter, men hadde ikkje dei avgjerande marginane med seg. 2.omgang er frå våre herrer rotete, uten rytme, energi eller kreativitet. Os makta dermed aldri å laga balanse i rekneskapet og oppgjeret ebba dermed ut med eit bittert og skuffande heimetap mot naboane våre i sesongopninga.

Det var derimot gledeleg å sjå bortimot fulle tribuner i sesongopninga – takk for støtta og velkommen tilbake til ein av årets viktigaste kamper på Kuventræ i neste heimekamp. Laurdag 27.april kl. 15.00 er det duka for lokaloppgjer mot Lysekloster på Kuventræ!

Ein ting er sikkert – det skal meir til for å knekke osinger. Os kjem sterkare tilbake! Herrelaget får moglegheiten allereie måndag 2.påskedag kl. 16.00 mot Bergen Nord på Flaktveit. Vel møtt!

Kampstatistikk
Os – Stord: 0 – 1 (0-1)
Startellever Os:
Chris Sunde Midthun – Anders Havsgård (Torgeir Lunde), Alexander Dale, Carlos Mendes, Vegard Skeie – Rune Åsheim Mo, Marius Mikkelsen, Jonas Fagerbakke Hovland (Rafael Villen) – Steffen Kvamsdal, Roger Ekeland, Fabian Bødtker.

Heia Os!

(Foto: Benjamin Søgnen Olsen, Os & Fusaposten)

Os/Nore Neset Kvinner imponerte i 3-divisjoncomebacket – minutter i frå siger mot ein av opprykksfavorittane!

Os/Nore Neset tok i mot ein av opprykksfavorittane i avdelinga til 1.seriekamp på Kuventræ, men damene våre hadde planer om å bite godt i frå seg. Den fyrste damekampen i årets sesong baud på høg spenning og eit heilt dryss med mål.

Os/Nore Neset starta best og tok tidleg leiianga på corner med superveteran Linda Johansen. Loddefjord sytte så for balanse i rekneskapet, før Andrine Brunvatne Kvittingen var på farten og sendte osingane på nytt i leiinga. Eit resultat som holdt seg til pause.

I 2.omgang tok det ikkje lang tid før det på nytt stod likt i målprotokollen. Loddefjord var tydeleg svulten på meir og fortsatte å presse – som gav store overgangsmoglegheiter for Os/Nore Neset. I det 55.min kombinerte Vilde Drange Veglo og Andrine Brunvatne Kvittingen på flott vis og sistnemnte sendte damene våre i 3-2 leiing. Derifrå og ut handla det meste om å stå i mot presset frå Loddefjord!

Etter eit intenst press måtte til slutt Os-muren kapitulere. Loddefjord-spissen banka inn utlikninga like før full tid og det enda dermed med poengdeling i opningskampen.

Neste kamp for Os/Nore Neset er onsdag 24.april kl. 19.00 mot Fyllingsdalen 2 på Varden Amfi. Vel møtt!

Kampstatistikk:
Os/Nore Neset – Loddefjord: 3 – 3 (2-1)
Mål: 1 – 0 Linda Johansen
2 – 1  Andrine Brunvatne Kvittingen
3 – 2 Andrine Brunvatne Kvittingen