Skuffande lokaloppgjer for herrelaget!

(Foto: Kjetil Vasby Bruarøy, Midtsiden)

Siste serierunde og lokaloppgjer mot Lysekloster. Det låg til rette til å bli eit fyrverkeri av ein sesongavslutning, men slik blei det ikkje for alle med eit hjarte i Os Fotball. Os skuffa og Lysekloster vann fullt fortent 3 – 1!

I lokaloppgjera mot Lysekloster står det alltid meir enn tre poeng på spel. Stolthet, prestisje og ære låg igjen i premiepotten når det var duka for nytt lokaloppgjer på Edne. Os ynskja å revansje det sure 0-2 tapet for naboane frå vårmøtet på Kuventræ og samtidig avslutte sesongen på ein god måte. Det blei verken revansje eller ein god prestasjon. Lysekloster hadde full kontroll på kampen, produserte flust i målsjanser og osingene hadde rett og slett ein dårleg dag på jobben. Os virka energilause og var konstant på etterskot. Lysekloster tok leiinga etter at ein Os-forsvarer var uheldig og satte ballen i eiga nett etter ein dødball i det 17.min. Vertene dobla leiinga i det 43.min og vondt blei til verre når Lysekloster auka til 3-0 like etter pause. Os fekk ein redusering med Roger Ekeland etter 72.min, men det blei ein tung avslutning på sesongen for herrelaget.

Os hamna dermed på 11.plass på tabellen i årets sesong som har gitt både opp- og nedturer. Takk til osingene som har møtt opp og støtta laget gjennom sesongen!