Sjekk kven som er raskast på A-laget!

Tirsdag stod testing av 40 meter sprint og 40 meter repeterte sprints(10 stykk på rad med korte pauser) på menyen for A-lags gutta. Etter mange tøffe treninger dei siste vekene var gutta spent på korleis kropp og bein ville reagere.

I steikande sol og varme var det ikkje uventa turboen, Øystein Takle Eide, som stakk av med sigeren på båe testane. Bestetida på 40 meter blei 4,90 medan snitt-tida på ti repeterte 40 meter sprint var 5,36. Dette er meget solide tal av Øystein!

Ellers var det solid framgang hjå mange der blant anna, Vegard Skeie, imponerte stort med tida 4,95 på 40 meter.

–Innsatsen til gutta har vore strålande både før og under korona-tida. Resultata i dag vitner om at det er lagt ned mykje godt arbeid gjennom heile vinter og vår og me er overbevist om at gutta vil være godt rusta den dagen sesongen endelig kjem i gang. Me skal løpe fort så ofte som mulig, og det arbeidet er godt i gang, kjem det samstemt frå fysisk ansvarlig, Joakim Rydgren og Aleksander Lindqvist.

A-laget vil no trene fram til onsdag 24.juni før ein kort sommerferie varer til 6.juli. Forventa seriestart er heime mot Ready laurdag 8.august! Før den tid vil det bli treningskamper mot Fana, Bjarg og Djerv 1919.