Sjekk kven som er best trent på A-laget!

A-laget har denne veka gjennomført testing av styrke, utholdenhet og hurtighet. Anders  Havsgård og Vegard Strønen Skeie var to av dei som markerte seg positivt! 

A-laget er allereie godt i gang med oppkjøringa til 2020-sesongen og har denne veka gjennomført fysiske testar for å kartlegge formen. Måndag stod styrke på programmet, medan spelarane sin utholdenhet og hurtighet blei testa på torsdag.

«Me ynskjer å kartlegge kor me står fysisk slik at me har eit utgangspunkt når me legger opp til vidare trening i vinter. Me skal jobbe hardt for å ta steg på det fysiske for der har me eit stort forbedringspotensiale. No har me brukt tester som er standariserte slik at me kan måle og få referanser på kor me står opp mot klubber som er på høgare nivå. Eg trur og det kan vere motiverande for spelarane å få konkrete tal på kor ein står fysisk», seier trenar Endre Brenne.

Tester som har blitt gjennomført: 
Styrke (Bein og overkropp)
Utholdenhet (Yo-Yo IR Test Level 2)
Hurtighet (40 meter sprint)

Rehabspesialisten Naprapat- og helseklinikk Os med Aleksander Lindkvist og Joachim Rydgren gjennomførte testinga og vil følge opp den fysiske treninga til spelarane gjennom sesongen.

Torgeir kun slått av trenaren

I styrkedelen blei ein testa i øvingane knebøy, brutalbenk, lyskehev og roing i ringer (spelarane vil også gjennomføre test for bakside lår). I knebøy heiv trenar Brenne seg med og viste rå styrke. Ingen spelarar makta å løfte like tungt som trenaren, som bør bli brukt som god motivasjon til å trene bein i vinter. Blant spelarane leverte Torgeir Lunde jamt gode resultat og var den som var nærast Brenne i knebøy.

Sterkast i kvar øving:
Knebøy: Torgeir Lunde
Brutalbenk: Tobias Nøss
Lyskehev: Kristoffer Røttingen
Roing: Stian Dyngeland

Vegard sprang lengst

Utholdenhetstesten som blei gjennomført heiter Yo-Yo Intermittent Recovery Test Level 2 og er mykje brukt av klubber i toppfotballen. Dette er ein relevant utholdenhetstest for fotballspelarar ettersom den inneheld løp med vending. Spelarane følger signal på når dei skal starte og avslutte intervaller på 20 meter x 2 og springer så mange intervaller dei makter. Vegard Strønen Skeie mestra dette best og sprang lengst.

Topp tre i utholdenhet: 
1. Vegard Strønen Skeie
2. Marius Mikkelsen og Espen Haraldseid (sprang like langt)

Anders Havsgård sprang raskast

Hurtigheten til spelarane blei testa med 40 meter sprint gjennom fotoceller. Også i denne øvinga var det stor intern prestisje på spel når lagets raskaste spelar skulle bli kåra. Ein av forhåndsfavorittane, høgreback Anders Havsgård, stakk av med ein knepen siger, hundredeler framfor Thomas Spilde (Sund) og Vegard Strønen Skeie.

Topp tre 40 meter:
1. Anders Havsgård
2. Thomas Spilde
3. Vegard Strønen Skeie

No venter eit par veker til med fellestreninger, før spelarane får tildelt tilpassa treningsopplegg som skal bli gjennomført i ein eigentreningsperiode fram til oppstart på nyåret!

Tunge løft! Vegard og Anders har lagt seg i hardtrening for å løfte tyngre enn trenar Brenne på neste test!