Sigeren glapp i sluttminutta mot Brann 2

Steffen Kvamsdal leverte ein god kamp mot Brann 2. Her er han i aksjon i ein av fleire tette dueller med Ludcinio Sergio Marengo frå Brann sin A-stall. (Foto: Hordalandsfotballen v/Trond Gausemel)

I den 9.serierunda i Norsk Tipping-ligaen tok herrelaget turen til Nymark for å måle krefter med Brann sine reserver. Os var i føringa i store deler av oppgjeret, men måtte i sluttminutta innsjå at leiinga ikkje heldt heile vegen inn. Det endte 2-2 i ein tett og jamn kamp på Nymark.

«Eg er godt nøgd med prestasjonen og eg såg konturer av mykje av det me har jobba med på treningsfeltet. Eg synst me var aggressive og gode i forflyttinga individuelt og kollektivt, i tillegg til at me i perioder klarte å veksle mellom å vere direkte og roe ned med ball. Me viste også at me evner å spele av eit høgt press. Gutta viste ein enorm arbeidsmoral og eg synst me framstod meir rutinerte og solide enn tidligare i sesongen. Gutta blei sliten utover i kampen og det var synd at sigeren glapp på slutten, men me tek med oss mykje positivt og eit sterkt bortepoeng mot eit bra Brann 2-lag», fortel spelande assistentrenar Rune Åsheim Mo før han legg til.

«Me fekk også skryt frå Brann sine trenarar for aggressiviteten og forflyttingsevnen etter kampen. Dette har vore eit av fokusområda våre på treningsfeltet og det er gledeleg å sjå at me stadig tek nye steg på dette område. Det er mykje me kan gjere betre, men me er på riktig veg». 

Neste kamp for herrelaget er mandag 17.juni kl. 17.00 mot Strømsgodset 2. Kan me får årets fyrste heimesiger? Vel møtt til kamp!

Kampfakta:
Norsk Tipping-Ligaen
9. serierunde
Nymark kunstgress 3
Brann 2 – Os: 2 – 2

Mål og assist:
0 – 1: Mats Cato Moldskred (Roger Ekeland) 3.min
1 – 1: 6.min
1 – 2: Marius Mikkelsen (Mats Cato Moldskred) 17.min
2 – 2: 89.min

Lagoppstilling: 4-3-3

Chris Sunde Midtun – Anders Havsgård, Torgeir Lunde, Vegard Strønen Skeie, Harry James Moore – Steffen Kvamsdal (Henrik Tysse Sperrevik), Rafael Villen, Marius Mikkelsen – Sander Fagerbakke Kvittingen (Simon Søvik Moberg), Roger Ekeland, Mats Cato Moldskred.