Seriestart for herrelaget!

A-lagskaptein Marius Mikkelsen og resten av mannskapet er klar for seriestart i morgon!

I morgon kl. 19.00 sparkar Os A-lag endeleg sesongen 2018 i gang mot Fyllingsdalen 2 på Varden Amfi. Laget lada i dag opp til seriestart med felles frukost på Kuventræ i lag med damelaget, etterfulgt av ein lett treningsøkt med siste finpussen inn mot morgondagens kamp. Me har tatt ein prat med kapteinen på A-lagsskuta, Marius Mikkelsen, om sesongen som står for tur.

Etter ei lang oppkjøring, ser du og laget no fram til å komme i gang?

– Ja, no ser me fram til å komme i gang. Me har fått ein fin oppkjøring med relativt lite skader og har nyleg fått nokre positive opplevingar i kvalifiseringskampane til NM mot Stord og Austevoll, som er gode å ta med seg i ryggsekken inn mot seriestart. Det er kjekt å spele teljande kampar igjen!

Etter ein tung fjorårssesong, kor viktig er det for spelargruppa å få slike positive opplevingane med seg inn mot seriestarten?

– At me klarte å kvalifisere oss til NM gjev heilt klart ein god kjensle inn mot seriestarten. Positive opplevingar er utruleg viktig for sjølvtilliten, samhaldet og optimismen i gruppa. Fjorårssesongen har me imidlertid lagt bak oss og me ser fram til årets sesong, men det er ikkje til å stikke under ein stol at det i fjor var tunge og tøffe perioder som tæra på sjølvtilliten. So desto fleire og hyppige positive opplevingar spelargruppa får, desto større veks sjølvtilliten og me kan forhåpentleg byggje vinnarkulturen i Os Fotball opp igjen.

Kva tanker har du om seriestarten mot Fyllingsdalen 2 i morgon?

– Det blir gøy med seriestart. Eg trur me møter eit relativt ungt lag som er ballbesittende og ynskjer å spele fotball. Me vil fokusere på vårt eiga spel og ta med oss det positive frå dei førre kampane og betre det me gjorde mindre bra. Det er ein stor bane på Varden, som me må prøve å utnytte på ein best mogleg måte. Nøkkelmomenta blir nok å ha høgt balltempo, vere konsentrerte og tolmodige for å bryta ned Fyllingsdalen laget. Me tek ikkje lett på oppgåva, men det er tre poeng som gjeld. Det er viktig å få ein god start på sesongen.

Kva tenker du om sesongen 2018? Korleis ser du for deg at den blir?

– For det fyrste blir det veldig spennande kva som møter oss i 4.div. Me tek absolutt ikkje lett på divisjonen og trur ikkje det blir ein transportetappe. Me må jobbe knallhardt og fokusere på ein kamp om gangen for at me skal nå ambisjonane om opprykk. I forhold til spelarstallen til årets sesong so synast eg den er bred og god. Me har mykje kvalitet i stallen og god dekning i alle posisjonar. Me har fått inn gode forsterkninger i vinter, samtidig som me har beholdt stammen frå fjoråret. I tillegg er det er mange gode og svoltne unggutter som banker på døra og blir viktige bidragsytere i år.

– Det er nok mange lag som er ekstra lysten og motivert for å slå oss i år sidan me er forhåndsfavoritter til opprykk i avdelinga. Eg trur me i mange kamper i årets sesong kjem til å møte kampbilete som er lik cupkampen mot Austevoll. Motstandarlaget legg seg lågt i bana og gjer romma so trange som mogleg, og håper på å skape noko på kontringer eller dødballer. Det kan då bli ein test av tolmodet og konsentrasjonen. Tolmod, konsentrasjon, hurtig balltempo, hurtige kombinasjoner og hurtig spel i lengderetning når me har sjansen, trur eg blir viktige punkt i årets sesong. Me er i alle fall utruleg lysten på å slå tilbake for våre trufaste supportere som fylg oss i tjukt og tynt og for alle som er glad i klubben!

Har du ein oppmodning til Os-supporterne før årets sesong? 

– Kom på kamp og lag like god stemning og atmosfære som dykk pleier, so skal me syte for god underhaldning tilbake. Gje oss ei hjelpande hand no når me ligg nede, slik at me saman kan ta klubben tilbake der den høyrer heime. Då treng me di støtte!

Me ynskjer laget lykke til med sesongen 2018 og håper Mikkelsen og resten av mannskapet manøvrerer seg fint forbi det fyrste skjæret i det nye farvannet i morgon!

Vel møtt til seriestart på Varden Amfi måndag 9.april kl. 19.00!

Herrelaget og damelaget var samla til felles frukost på Kuventræ søndag formiddag.