Seier til herrelaget!

 

Her er Sander Kvittingen i aksjon mot Øystese i seriekamp i 2016. I dag dunka han ballen i krysset i comebacket. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Os A-lag spelte i dag treningskamp mot Øystese innandørs i Sotra Arena. Kampen enda 4-0 til Os, etter mål av Sander Kvittingen, Rafael Villen, Harry James Moore og Steffen Kvamsdal. Alle måla var fine, Rafael si skåring var for eksempel nesten frå midtbanestreken. Hovudtrenar Karl Kvile var nøgd med å få ei god gjennomkøyring og at han fekk sjå mange spelarar i aksjon.

«Det var kjekt å komma i gang og få ei god gjennomkøyring. Det er spesielt gledeleg å sjå korleis spelarane responderte på det me hadde fokus på inn mot denne kampen, som var presspel og offensiv frispeling. Eg synast me lyktes ofte med presspelet og klarte å halde tempo på ballen når me hadde den. Me var det beste laget. Dette var ein veldig ok start».

Dunka ballen i krysset i comebacket

Sander Kvittingen var for fyrste gang tilbake i kamp, etter den stygge kneskaden han pådro seg for over eit år sidan. Den sindige kraftspissen brukte ikkje lang tid på å dunka ballen i krysset, og gje Os den forløysande fyrste skåringa, i comebacket.

«Det var veldig deilig å vere tilbake. Eg har savna å spele fotball og er berre glad eg fortsatt kan gjere det. Skåringa var faktisk min fyrste touch på ballen i kampen»

Herrelaget synast det dessutan var utruleg kjekt og set utruleg pris på at så mange osinger tok turen til Sotra Arena for å sjå dagens treningskamp!

Neste helg går turen til Haugesund på treningsweekend og kamp mot Haugesund 2 for herrelaget. Om du er på haugalandet i helga, ta gjerne turen innom og støtt Os sine herrer i denne kampen også.