Os Fotball skal aktivt påta seg ansvar utafor klubbens kjernevirksomhet. Årleg skal klubben arrangere tilstelningar som går samfunnet og mennesker rundt oss til gode. Os Fotball er ein klubb for alle!

Dans på Luranetunet

Me har i fleire år hatt stor suksess med å lage til eit arrangement med bebuarane på eldresenteret på Luranetunet. Dette er eit av dei mest givende arrangementa me gjennomfører i løpet av året, som både bebuarane på Luranetunet og medlemmane våre set stor pris på!

Os Gatelag

Os Fotball er ein klubb for alle – me skal sjå, skape tryggleik, trivsel, tilhørighet, mestring og utfordringer for alle. Me ynskjer eit stort mangfold og vil ta vare på alle!

Gatelaget er fyrst og fremst eit dagstilbod til alle som har eller har hatt utfordringar knytta til rus og/eller psykisk helse. Men andre er også velkomne. Målet med tilbodet er å auke livskvaliteten gjennom fellesskap og fysisk trening. Gatelaget trener onsdager kl. 11.30 – 12.30 på Kuventræ! Ta kontakt med Vartun Oppfølgingsteneste på tlf. 916 72 073 eller administrasjonen i Os Fotball for spørsmål.

Eat Move Sleep – ambassadør

Eat Move Sleep er ein nasjonal offensiv for å oppnå betre folkehelse, iverksatt av Norges Fotballforbund, Eat Initiative og Bama Gruppen AS. Det er eit konsept som set fokus på sunne livsstilsvaner gjennom å formidle viktigheten av kosthald, fysisk aktivitet og søvn. Os Fotball er stolt Eat Move Sleep-ambassadør og arbeider aktivt med å spreie bodskapet til lokalsamfunnet året rundt.

Innsamlingsaksjon av kle og sko

Idrettens tekstilinnsamling – samarbeidsprosjekt mellom Norges Idrettsforbund, Right to Play, UFF og lokale idrettslag.