Rune Åsheim Mo er klar for klubben!

I dag falt ein viktig brikke på plass før 2019 sesongen, både med tanke på satsinga på barne- og ungdomsfotballen, samt for utviklinga av ein tydeligere raud tråd i klubben. Rune Åsheim Mo er klar for klubben!

Mo er klar for fleire spennande oppgåver i Os Fotball. Han får ansvaret for ungdomsakademiet, som er ein ny ungdomssatsning for spelarar i alderen 16-19 år, i tillegg til at han vil styrke FFO-tilbodet til klubben og ha nokre administrative oppgåver. Rune er samtidig ein god fotballspelar og er klar til å ta del av det nykomponerte trenerteamet rundt A-laget som spelande assistenttrenar.

Mo er frå Husnes og har erfaring frå både 2.- og 3. divisjon som spelar. Midtbanespelaren har vore i  klubber som Trio, Brann 2, Nest Sotra, Lysekloster og Stord. Han var blant anna svært delaktig i at Stord berga plassen i 3.divisjon i haust. Mo har også trenarambisjonar og gler seg til nye utfordringer hos oss.

«Eg er veldig klar og gler meg stort. Etter gode samtaler med Endre, som var veldig entusiastisk rundt arbeidet med spelarutvikling og A-laget, blei eg veldig motivert. Eg trur eg kan utvikle meg som både trenar og spelar i eit miljø med slike folk. Eg har også lyst til å vere med å bygge opp noko, og då trur eg Os Fotball er ein god plass. Samtidig føler eg Os og Stord er ganske like i forhold til at det er stor entusiasme rundt klubbane, noko som er veldig givande. Eg ser også fram til å arbeide med ungdomsakademiet. Det er ei spennande og viktig aldersgruppe. Forhåpentlig vis kan eg også bidra til å utvikle gode fotballspelarar som kan kome A-laget til gode», seier Rune Åsheim Mo.

Sportsleg leiar Jan Frode Skeie er godt nøgd med å få på plass ei viktig brikke før 2019-sesongen.

«Det var viktig at vi både fekk på plass ein spelar og trenar som kan vere med å utvikle ungomsfotballen i Os, og samtidig bidra sportsleg på banen. Vi vil satse på trenerkrefter mot dei yngre i klubben, og no også dyrke dei som er frå 15 til 19 år. Vi har også gode referansar på at Rune er ein utrulig flink og hyggelig type, i tillegg til å vere ein god fotballspelar. Han er ein klubbmann og kan minne litt om Endre. Slike personar veks ikkje på tre, og at han ønsker å bruke tida si på Os Fotball er eit godt teikn for klubben. Han er ein mann for framtida som kan vere her i mange år», seier Jan Frode Skeie før han legg til.

«Vi trur også at å ha ein forlenga mann ute på banen kan bli viktig. Eg har hatt den rollen sjølv under både Arne Hitland og Frode Steffensen, og eg veit at det er viktig å ha pulsen på det som skjer på feltet som spelar», avslutter Skeie.

 

Velkommen til klubben Rune!