Rema 1000 Pre-Camp 13. – 15. aug!

Os Fotball arrangerer REMA 1000 Pre-Camp måndag 13. til onsdag 15.august. Dette er eit tilbod til alle jenter og gutar i alderen 5. – 10. klasse (fødd 2003 – 2008).

På REMA 1000 Pre-Camp blir det tre treningar kvar dag. Ei økt med fokus på fysisk trening og fotball, ei økt med teori og ei økt med fotball. I tillegg til fotballaktivitet blir det fokus på skadeførebyggande trening, balanse og hurtigheit/koordinasjon.

Pre-Campen varer frå kl. 09.00 til 15.00 (innsjekk frå kl. 08.00 – 09.00 og utsjekk mellom kl. 14.30 – 15.00).

Tema for dei ulike dagane er slik:

Måndag 13.aug: 1 mot 1 ferdigheit + skape og utnytte overtal.

Tirsdag 14.aug: Pasningsferdigheit + orienteringsevne.

Onsdag 15.aug: Omstilling offensivt/defensivt + scoringsferdigheit.

Pris: 500 kr.

Påmelding og betaling: https://www.deltager.no/haustfest_13082018

Det er plass til 60 deltakarar. 

Endre Brenne, Martin Eidsvik, Stian Kvåle og Marius Mikkelsen har hovudansvar for planlegging og gjennomføring av fotballskulen. I tillegg vil trenarar og spelarar frå klubben delta.

For spørsmål ta kontakt med dagleg leiar Endre Brenne på endre@osfotball.no eller tlf. 90724338.

Hiv deg med på tre fartsfylte dager med mykje fotball og moro på REMA 1000 Pre-Camp. Det blir knallkjekt!

Velkommen!