Reisebrev dag 2 og 3!

Dag 2: Dårlig vêr, høg intensitet!

Det var eit anna vêr som møtte oss på dag 2 i Tyrkia. Det var i dag vind og mykje regn, noko me i grunn er vane med, så tross vêret fekk samtlege grupper gjennomført gode og tunge økter.

A-laget terpa på siste tredel og avslutta med konkurranse på fyrste økt. Det er i A-laget ein romkonkurransen gjennom heile opphaldet, og på gårsdagens konkurranse var det duoen Hafsås og Torgeir som imponerte og gjorde det skarpast. På den andre økta blei intensitet skrudd opp med spel 11 vs 11 på full bane.

Damelaget fekk også kjørt seg med to gode økter. Fyrste økta var det full pedal med høg intensitet og bra trøkk, medan det var litt roligare med ein del konkurranser på andre økta.

Også Os 2 hadde to gode treningar med bra trøkk, høg intensitet og god kvalitet.

På kvelden blei samtlige i reisefølgjet samla for «Quiz à la Kvile». Alle gruppene blei fordelt ut på seks lag. Her er laget som drog det lengste strået i quizen!

 

Dag 3: Os 2 seier!

Etter ein litt tøff dag i går, var det i dag litt roligare for a-lagsgutta med fotballtennis, konkurranser og restitusjon. For Os 2 derimot var det kampdag mot eit lokalt juniorlag. Os 2 viste mykje godt spel og ser ut til å ligge bra i rute inn mot sesongstart. Kampen i dag vann dei 3-2 etter skåringar av Joachim, Mats og Markus. Høyr kva Os 2 sin hovudtrenar Martin Eidsvik seier om kampen, treningsleiren og oppkjøringa så langt i videoen under! Damelaget fortsett i same spor med to nye, gode økter.

Etter ein grå dag i går var det mange som tilbrakte tid ved bassengkanten mellom dagens økter. Og på tross av at bassenget ikkje held meir enn ca 14-15 grader i vatnet, så var det mykje bading. Seinare på kvelden har det blitt ein del kortspel, samt karaoke.

God kveld frå Tyrkia!

Fleire bilete frå treningsleiren kjem på Os Fotball si facebookside.