Rask angrepsspelar klar for Os Fotball

Endre Brenne er godt nøgd med sin nye signering Thomas Spilde.

Den raske angrepsspelaren, Thomas Spilde, har signert for Os Fotball og er klar for å spele i gult i 2020!

Spilde kjem fra Sund, der han har spela dei siste åra. Han har også tidligare spela for Fana i 2.divisjon. Han har busett seg på Søfteland og har med jamne mellomrom vore med på trening med a-laget gjennom heile fjorårssesongen. Spilde har gjeve eit godt inntrykk på trening og trenar Endre Brenne er godt nøgd med å få han med på laget.

«Thomas er ein hurtig og god angrepsspelar som kjem inn og styrkar alternativa våre offensivt. Han kan bekle både spiss- og kantposisjon og er ein fin tilvekst til laget. Han trena ein del med oss i fjorårssesongen og har gjeve eit godt inntrykk. I tillegg er han ein bra fyr som har sklidd fint inn i gruppa», uttaler Brenne om årets fyrste signering.

Spilde er også nøgd med valget og gler seg til sesongen.

«Os er ein klubb som passer meg, både med tanke på spelestil og klubbens ambisjonar. Eg har også trena med laget over lengre tid og føler eg har mykje eg kan bidra med i årets sesong»

Velkommen til Os Fotball, Thomas!